Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Studietilbod > Ressurssenter > Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering

Med realkompetanse meiner vi alle kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar kvar einskild har skaffa seg gjennom opplæring, løna og frivillig arbeid og aktiv deltaking i organisasjonar og familie-/samfunnsliv.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Realkompetanse skal vurderast i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom vidaregåande opplæring. Vurderinga skal vere godkjend eller ikkje godkjend realkompetanse i fag eller delar av fag.

 Fylkeskommunen (ved Ressurssentera) har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse blir utført på forsvarleg grunnlag.

Kontakt Ress UVS