Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Studietilbod > Studieførebuande > Studiespesialisering med teknologi og innovasjon

Studiespesialisering med teknologi og innovasjon

Vi gir igjen tilbod om teknologi og innovasjon under studiespesialiseringsparaplyen. Dette var eit heilt nytt tilbod i fjor.

nyttekn

Dette er eit treårig løp i samarbeid mellom Ulstein vidaregåande og lokalt/regionalt næringsliv, kommunale og regionale helsetenester. Alle fellesfag vil bere preg av teknologifokus, og du vil møte meir teknologi i undervisninga.

Fokusområdet i Vg1 er produksjon av nye produkt gjennom bruk av sensorar, programmering, 3D-modellering og 3D-print. Her skal kvar enkelt elev lage sine eigne innovasjonar og produsere desse. Dei legg grunnlaget for eit forskingsprosjekt som går gjennom heile Vg1.

I Vg2 vil du møte meir simuleringsteknologi gjennom prosjekt for autonom transport. Her lærer du å lage digitale tvillingar for å simulere verktøy og utstyr før det vert produsert. Prosjektet er eit samarbeid med simuleringsmiljøet ved NMK, og har spesielt fokus på autonome fjordkryssingar.

Illustrasjonen viser timefordeling for Studiespesialisering med teknologi og innovasjon.

Vg1: 30 t/v fellesfag, 5 t/v teknologi og forskingslære 1.

Vg2: 15 t/v fellesfag, 5 t/v teknologi og forskingslære 2, 10 t/v programfag.

Vg3: 15 t/v fellesfag, 10 t/v programfag.

fagtime-tek