Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nytt yrkesfag!

Frå og med skuleåret 2020/2021 vil vi gje tilbod om den yrkesfaglege linja Informasjonsteknologi og medieproduksjon. 

Dette er eit toårig løp der du kan gå ut som lærling etter Vg2 eller vidare på påbygg Vg3. 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er ei yrkesfagleg linje for deg som ønskjer å arbeide med IT-drift eller IT-utvikling. Trivst du med datamaskiner og andre digitale verktøy når du skal løyse både kreative og praktiske oppgåver, så kan linja vere noko for deg. 

Du lærer korleis program og teknologiske løysingar kan nyttast i framstilling av tekst, bilete, lyd og rørsle. Linja passar for deg som liker å utforske ny teknologi og er oppteken av å finne løysingar. Du bør vere kreativ og glad i å samarbeide. 

Utdanninga dannar grunnlaget for arbeid innan IT-utvikling, IT-drift, mediedesign, medieproduksjon eller innan medieteknikk. 

Vi har ei praktisk tilnærming til faga, og elevane får moglegheit til å jobbe både med nye og tradisjonelle fagområde. Fokusområda i faga er brukarstøtte, nettverk, IT-sikkerheit, etikk, lovverk, utvikle kunnskap og kompetanse innan kommunikasjon, kreativitet og problemløysing.  

Faga gjev praktiske og teoretiske ferdigheiter som er i tråd med behova i arbeidslivet.