Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Studietilbod > Yrkesfag > Informasjonsteknologi og medieproduksjon > Nytt yrkesfag - Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Nytt yrkesfag - Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Dette skuleåret, 2020/2021, gir vi tilbod om den yrkesfaglege linja Informasjonsteknologi og medieproduksjon. 

Dette er eit toårig løp der du kan gå ut som lærling etter Vg2 eller vidare på påbygg Vg3. 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er ei yrkesfagleg linje for deg som ønskjer å arbeide med IT-drift eller IT-utvikling. Trivst du med datamaskiner og andre digitale verktøy når du skal løyse både kreative og praktiske oppgåver, så kan linja vere noko for deg. 

Du lærer korleis program og teknologiske løysingar kan nyttast i framstilling av tekst, bilete, lyd og rørsle. Linja passar for deg som liker å utforske ny teknologi og er oppteken av å finne løysingar. Du bør vere kreativ og glad i å samarbeide. 

Utdanninga dannar grunnlaget for arbeid innan IT-utvikling, IT-drift, mediedesign, medieproduksjon eller innan medieteknikk. 

Vi har ei praktisk tilnærming til faga, og elevane får moglegheit til å jobbe både med nye og tradisjonelle fagområde. Fokusområda i faga er brukarstøtte, nettverk, IT-sikkerheit, etikk, lovverk, utvikle kunnskap og kompetanse innan kommunikasjon, kreativitet og problemløysing.  

Faga gjev praktiske og teoretiske ferdigheiter som er i tråd med behova i arbeidslivet.  

Vg1
Fellesfag:

Matematikk (84 t/år)

Engelsk (140 t/år)

Kroppsøving (56 t/år)

Naturfag (56 t/år)

Programfag:

Produksjon og historieforteljing (159 t/år)

Teknologiforståing (159 t/år)

Konseptutvikling og programmering (159 t/år)

Vg2

Fellesfag:

Norsk (112 t/år)

Kroppsøving  (56 t/år)

Samfunnsfag (84 t/år)

Programfag:

Oversikt over programfag kjem til neste skuleår

(dette grunna dei nye læreplanane)