Var du med på det første digitale infomøtet vårt?
Vil du sjå litt nærare på presentasjonen? Noko du er usikker på?
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Ulstein VGS > Nyheiter
Vil du sjå litt nærare på presentasjonen? Noko du er usikker på?
Vi har vår eigen YouTube-kanal, der finn du filmar frå dei forskjellige utdanningsprogramma:
https://www.youtube.com/channel/UCY9bOCfYOz5ky9CtYowmU_g
1.februar kl.23.59 går fristen ut, så manglar du eit fag eller vil forbetre snittet ditt frå vgs, bør du gå inn på privatistweb.no, finne rett fag og rett kode og betale. Deretter må du gjere jobben med å lese deg opp!
Som dei fleste sikkert har fått med seg, går ungdomsskulane og vgs tilbake til gult nivå frå i morgon av, onsdag 20.01.
Det skal bli godt å kome i normalt covid19-gjenge igjen, der vi får vere på skulen kvar dag.
Råda om å vaske hendene, evnt sprite hendene, halde seg heime dersom ein er litt rufs og snufsete, dei gjeld fortsatt.
Dessutan har pedagogisk personale fått utdelt ein einmeter, slik at vi kan sikre oss enno litt meir at vi, både elevar og tilsette, held avstand.
Der er to via Ulstein vgs:
Med bakgrunn i koronapandemien vert årets orienteringsmøte for føresette til 10. klassingar / 10. klassingane gjennomført digitalt.
Dei 4 vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre samordnar informasjonsarbeidet sitt, slik at flest mogleg kan få med seg informasjon om dei ulike tilboda.
Det er søknadsfrist 21.01.21, det er ei 60% stilling. Les meir her!
Vg3-elevane våre skal snart ut i den store verda. Kanskje skal dei gå på folkehøgskule, kanskje skal dei i militæret, kanskje skal dei jobbe og kanskje skal dei rett vidare på eitt eller anna studium.
No er to nye programområdevideoar klare:
- studiespesialiserande finn du ved å klikke her
- og elektrofag ved å klikke her
Du kan også finne dei på youtubekanalen vår, som du finn ved å klikke her.
Alle vidaregåande skular i Norge gjekk måndag 4.januar over til raudt nivå, dvs avstandskravet på 1 meter skal haldast i alle situasjonar, samt ein del andre endringar. No er perioden utvida med ein dag, slik at vi er på raudt nivå iallfall til og med mandag 18.januar.
I praksis betyr det for Ulstein vgs at enkelte klasser vil ha digital heimeundervisning nokre dagar i veka. Dette fordi vi må dele dei største gruppene på to klasserom for å halde avstandskravet.
Plan over kva klasser som møter til kva tid vart lagt ut i Teams til alle skulen sine elevar og tilsette måndag.
Skulen si kantine er opa for sal av mat, men elevane må ete på klasseromma sine.