Elevmedverknad

Det å vere ein aktiv del av sin eigen kvardag er viktig for oss menneske. Dersom vi kjenner på avmakt fordi alt skjer over hovuda våre, har vi ingen god kvardag.

Difor er det viktig at elevane tek aktivt del i skulekvardagen, at dei engasjerer seg i kva som skjer på lokalt nivå og gjerne enno litt vidare.

Bruk tillitseleven i klassa di, eventuelt meld deg som kandidat sjølv når skuleåret startar og ny tillitselev skal veljast, snakk med kontaktlærarar, snakk med faglærarar, ver engasjert i kvardagen, for det er kvardagar det er mest av og då må vi gjere det beste ut av dei.

Elevmedverknad går også på til dømes å ha ein viss innverknad på korleis ein vurderingssituasjon skal sjå ut og på utarbeiding av klassereglar. Det betyr ikkje at elevane skal få "viljen" sin til ei kvar tid, men at du som elev iallfall skal kjenne på at du har ein viss innverknad på "arbeidsplassen" din. I denne lenka finn du det Udir skriv om elevmedverknad og læringsmiljø.

Dette er ikkje eit fritak for å gjere det beste ut av kvar dag, vi må alle gjere vårt for at vi skal ha ein god arbeidsplass, vi må alle oppføre oss, omtrent slik som i Kardemommeby: «Man skal ikke plage andre, man skal være snill og grei, og for øvrig kan man gjøre som man vil.» Bortsett ifrå at vi ikkje kan gjere som vi vil, iallfall ikkje alltid.