Helsetenester

Vi kallar dei "våre", for vi er så heldige å ha to som deler på å vere her stort sett kvar dag, alltid mellom kl.09.00-14.00. 

Hanna Elisabeth Moldskred (915 39 713) og Daniel Moltumyr (941 33 429) har fast trefftid/kontortid i første høgda. I tillegg sit også skulepsykolog Ingrid Redse Mjaaseth der på tirsdagane.

Alle elevar kan ta kontakt med helsesjukepleiar når dei måtte ha behov for det og treng ikkje avtale time. Det vil også vere mogleg å avtale andre dagar og tider ved behov. Stikk innom eller gjer avtale på sms.

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om? Tja, til dømes måling av blodprosent, utslett, eksemplager, prevensjons-rettleiing, kjenslemessige problem m.m. Faktisk om alt!

Problema treng ikkje vere store for å ta kontakt. Det er lettare å hjelpe deg om du kjem tidleg med det som ligg deg på hjartet!
NB! Helsesjukepleiar har teieplikt.

 

Helsestasjonen for ungdom finn du:
Vi held til i helsestasjonen sine lokaler på Reiten, men har inngang i enden av bygget (i retning mot Flø), adr: Osnesvn. 45 ("Gamle" SUFH)

Tlf. 70017880

Når?
Vi har ope kvar tirsdag mellom kl. 14:30-16:30

Viss du ikkje har høve til å møte innan kl 16.30, kan du ringe eller sende ein SMS til mobil 452 53 742, eller du kan sende ein mail til: wenche.g.satre@ulstein.kommune.no

Kven kan du møte?
Helsesøster og lege (frå kl.15:30-16:30)

Kven kan nytte seg av tilbodet?
Alle mellom 13-21 år.

Kva kan du kome med?
Ting som opptek deg! Eks. på tema: mobbing, kosthald, kjønnssjukdomar, graviditet, prevensjon, trivsel, rusbruk m.m.

Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje bestille time. VELKOMNE!!

 

har fast kontortid kvar tirsdag mellom kl.09.00-14.00 

PPT held til i kontorgangen (der du også finn helsesjukepleiarane) i første etasje, ved sidan av atriet og R107.

PPT skal hjelpe elevar, lærekandidatar og lærlingar med behov for særskilt tilrettelegging, slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. 

Vi oppmodar sterkt om at du tek kontakt med PPT, dersom du trur dei kan hjelpe deg.

Det er iallfall betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Du treff Susanne Bjørge Rem (918 76 237) der kvar tirsdag! Det er heilt flott å sende melding og avtale tid, du kan også finne ho på Teams.

 

Snarvegar