Rådgjeving og oppfølgingsteneste

Hege Holstad og Liv Ose har kontor rett ved sidan av atriet.

Rådgjevarane hjelper og rettleier deg med spørsmål og problem som vedkjem fag, utdanning og yrke, personlege og sosiale problem, på skulen og i heim/fritid.

Rådgjevarane har nært samarbeid med PPtenesta (skulepsykolog) og helsesjukepleiar. Vi formidlar kontakt.

TREFFTIDA HOS RÅDGJEVARANE er litt annleis no når vi har endra timeplan, slik at det beste er å stikke innom kontora deira og sjå, evnt sende dei ei melding.

 

 

Trond Haugland er OT-ansvarleg på skulen. Han har trefftid på onsdagar frå kl.08.30-14.30. Han er å treffe på kontoret der PPT også har kontor.

Under her finn du litt informasjon om kva oppfølgingstenesta er:

Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år. Oppfølgingstenesta skal kontakte deg om du:

· Ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass

· Avbryt slik opplæring

· Ikkje er i arbeid

· Har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt

Oppfølgingstenesta kan også arbeide for å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med rådgivingstenesta i grunnskole og vidaregåande opplæring. 

Du kan sjølvsagt ta direkte kontakt med OT på eiga hand, anten ved å avtale tid i kontortida til OT-kontakta eller på e-post.

 

 

Snarvegar