Skolemiljø

Skulemiljø

Det kan vere så mangt! Kantina er ein del av miljøet på skulen - korleis vi oppfører oss der er også ein del av skulemiljøet. På landskapet... når vi er ved toaletta... rundt bordtennisbordet...

Det er vi sjølve som må lage eit godt skulemiljø!

To tidlegare elevar har laga ein kortfilm om mobbing, noko vi skulle ønske at vi verkeleg ikkje måtte forholde oss til. Den er direkte og tydeleg og sjåverdig!

Vi må tenke over korleis vi oppfører oss, om vi tek tak og seier i frå eller om vi berre snur oss og lar vere å sjå. 

Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Verken elevar, lærarar eller andre på skulen har lov til å mobbe andre.

  • Dersom du ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skulen. Dette står i opplæringslova.
  • Skolane har aktivitetsplikt. Dei har plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøke og eventuelt sette inn tiltak om dei får mistanke om eller kjennskap til at elevar ikkje har det trygt og godt på skolen.
  • Du kan også lese meir om hjelp mot mobbing på Utdanningsdirektoratet.

Meld frå

Du skal ta direkte kontakt med skolen din dersom du ikkje har det bra i skolekvardagen.

Du kan også ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.

Får du ikkje hjelp på skolen, kan du kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Har du mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev, skal du ta direkte kontakt med fylkeskommunen, som er skoleeigar.

 

Har du lyst å engasjere deg for skolemiljøet?

Då kan du delta i elevrådet, skolemiljøutvalet eller skoleutvalet.