Dataspel: Leik, læring, lidenskap og lidelse
Tenesta for psykisk helse og rus i Ørsta arrangerer i samarbeid med KORUS Øst (kompetansesenter rus – region øst) gratis foreldrekveld der temaet er dataspel og gaming.
Kvar? Ørsta Kulturhus, kinosalen
Når? Torsdag 4.mai kl.18-20
Korleis fiksar ein livet som gamingforelder?
Nesten alle barn i dag spelar ei eller anna form for dataspel. For mange unge er dataspel ein fritidsaktivitet som dei brukar betydelig med tid på.
Når barn sine liv utfoldar seg i nye digitale former, kan også rolla som forelder bli meir krevjande. Omtrent halvparten av norske foreldre er bekymra for barna si speling, enten det gjeld tidsbruk, sosial isolasjon, innhald i spela, pengebruk eller avhengigheit.
Spel er eit dynamisk felt og utviklinga skjer raskt. Ved å styrke din kunnskap om barna sine digitale liv vil du få eit betre utgangspunkt for å sette gode rammer for spelinga.
På denne fagkvelden vil du blant anna høyre om:
- Kva som kjenneteiknar skjermvanane til barn og unge i dag
- Kva som er moglege positive og negative sider ved speling
- Kor grensene går mellom lidenskapeleg og problematisk speling
- Korleis dempe konfliktnivået rundt speling i heimen
- Korleis engasjere deg i barna si speling og sette rammer
Kvelden blir avslutta med panelsamtale der det er mogleg å stille spørsmål.
Det er som sagt gratis, men du må melde deg på til Amir Muric (e-postadresse: amir.muric@orsta.kommune.no ).
Om KORUS Øst og foredragshaldarane:
Helsedirektoratet har tildelt KORUS Øst speleavhengighet og problematisk dataspeling som eit nasjonalt ansvarsområde. Dette inneberer at KORUS Øst blant anna skal koordinere, utvikle og formidle kunnskap om spel og spelproblematikk i Norge. Dei tilsette har brei og ulik erfaring både innan behandling, førebygging og forsking.
Øystein Bjørke Olsen er nestleiar på KORUS Øst (Kompetansesenter rus - region øst). Han er utdanna sosionom med vidareutdanningar i kognitiv terapi, speleavhengigheit, organisasjon og leiing og velferdsforvaltning. I 20 år har han hatt stillingar relatert til penge- og dataspelproblematikk, noko som blant anna inkluderer å ha vore med på oppstarten av Hjelpelinja for speleavhengige i 2003, poliklinisk behandling og prosjektleiing for opprettinga av www.spillbehandling.no. Sidan 2009 har han jobba ved KORUS Øst, der han har jobba med speleavhengigheit (pengespel) og problematisk speleåtferd (dataspel) i kraft av at dette er ein nasjonal funksjon tildelt KORUS Øst av Helsedirektoratet.
Niri Talberg har frå barneskulealder vore glad i både data- og pengespel. Tidleg på 2000-tallet vart han interessert i poker, først som spelar, deretter akademisk. Han har skrive doktorgrad om poker i pedagogikk og er særleg opptatt av læringsprosessar, kva konsekvensar poker kan ha for utdanning, stigmatisering av spelarar og etiske dilemma som kan oppstå i spelet. I 2021 analyserte han Ungdatamaterialet og presenterte hundre krysstabellar om forskjellar mellom jenter og gutar som bruker mykje og lite tid på dataspel. Niri vil fram til utgangen av 2028 forske på behandling av pengespelproblem og kvifor så få søker hjelp gjennom ein postdoktor. Aller best likar han å lage brettspel. Metaspelet (eit spel om data- og pengespel) og Mestringspelet (eit brettspel om livsmeistring for ungdomskulen) kan bestillast gratis frå KORUS Øst.
Stian Overå har vakse opp med Nintendo på 1980-tallet. I dag er han hobbygamar, gamerforelder og spelforskar. Han har doktorgrad i sosialantropologi og mykje erfaring med forsking på skule, utdanning og digital mediebruk. I 2020 starta han på eit postdoktorprosjekt om ungdom og e-sport. I prosjektet skal han undersøke kva slags utfordringar og moglegheiter ungdom møter innan e-sportsmiljøet, og korleis e-sport fargar andre arenaer i livet.
Magnus Eidem er utdanna sosionom med tilleggsutdanning innan kognitiv terapi og speleavhengigheit. Han har jobba med spelproblematikk sidan 2006 og har brei klinisk erfaring i tillegg til hyppige forelesingar om både penge- og dataspel. Han er også ein hobbygamar som har spelt heile oppveksten, noko som også har gitt verdifulle perspektiv og forståing i møtet med dei som søker hjelp.