Det nærmar seg fristen for å melde seg opp til privatisteksamen

1.februar kl.23.59 går fristen ut, så manglar du eit fag eller vil forbetre snittet ditt frå vgs, bør du gå inn på privatistweb.no, finne rett fag og rett kode og betale. Deretter må du gjere jobben med å lese deg opp!

I år kostar det kr 1186,- per eksamen for fag der du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter (Hensiktskode PRIV-NYTT FAG) eller fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist (Hensiktskode PRIV-NYTT FAG)

Er det derimot eit fag du vil forbetre, kostar det kr 2373,- per eksamen for fag du alt har bestått som elev eller privatist (Hensiktskode PRIV-FORBETRE KAR).

Skriv ut