Digitale orienteringsmøte for 10.klasseføresette og -elevar
Med bakgrunn i koronapandemien vert årets orienteringsmøte for føresette til 10. klassingar / 10. klassingane gjennomført digitalt.
Dei 4 vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre samordnar informasjonsarbeidet sitt, slik at flest mogleg kan få med seg informasjon om dei ulike tilboda.
Skulane gjennomfører 2 informasjonsmøte kvar, slik at det er sett opp til saman 8 møte på ulike dagar. Du får høve til å delta på så mange av møta som du ønskjer.
Møta vil starte kl.18.30 dei respektive dagane, og vil ha ei tidsramme på inntil 60 min.
Møta vil gå i tidsrommet 18.- 28.januar 2021, etter denne planen:
Skule | Dato 1 | Dato 2 |
Ulstein vgs | 20.januar | 25.januar |
Volda vgs | 21.januar | 27.januar |
Herøy vgs | 21. januar | 26. januar |
Ørsta vgs | 18. januar | 28. januar |
Du vil få informasjon om:
- Rettar til vidaregåande skule
- Yrkeskompetanse og studiekompetanse
- Tilboda ved skulen
- Søknadsprosedyre og søknadsfristar
- vigo.no og vilbli.no
For å melde deg på møta, skal du gå inn på ei lenke som kjem til å ligge under her (innan i morgon 12.01.21). I etterkant får du tilsendt ei lenke for kvart av møta du har meldt deg på.
Vi håper at mange melder seg på, slik at alle får best muleg informasjon om mest muleg!