Får møte H.K.H. prinsesse Ingrid Alexandra
Regjeringa gir ein festmiddag til prinsessa i høve myndigheitsdagen hennar, flytta til 16.juni (pga covid).
Det er garantert mange flotte folk som skal dit. To av dei kjenner vi godt, nemleg Niels Adon Leenders (2st3) og Pravin Selva (3st2).
Kor stas er ikkje det? Begge to går på UVS! Dei er begge to engasjerte ungdommar som vi er sikre på kjem til å representere både fylket, UVS og Hareidlandet godt.
Dei skal representere Møre og Romsdal, i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkesordførar Tove-Lise Torve.
- Eg fekk høve til å vere med grunna eit møte eg var med på då statsforvaltaren hadde rundtur i alle kommunane og snakka med kommuneleiing og ungdomsråd, fortel Pravin.
- Eg fekk vere med fordi eg er nestleiar i Ungdomspanelet i fylket, og då leiaren, Erika Ruiz Solhjem, ikkje kunne, måtte nestleiaren steppe inn, seier Niels smilande.
Festmiddagen 16.juni skal vere på Deichman Bjørvika og du kan lese meir om festmiddagen her.
Både Pravin og Niels har vore med på møte over Teams der dei gjekk gjennom kva som skal skje og korleis det vil bli undervegs.
- Skulle vi gløyme oss, vil der vere aspirantar frå utanriksdepartementet til å få oss på rett kjøl igjen, ler Niels.
Niels gler seg til stort sett alt, men grugler seg til minglinga, medan Pravin gler seg til minglinga.
- Det skal bli kjekt å bli kjent med folk, bygge nettverk og ikkje minst møte kongefamilien, smiler Pravin breitt.
Begge to har antrekket klart, men Pravin trengte litt lenger tid på å vere sikker, for då e-posten med invitasjonen kom, var han sikker på at nokon hadde sendt ein tulle-e-post. Men etter eit par telefonar til både statsforvaltar og avsendar, kjøpte han seg smoking og er klar for festmiddag!
Vi ynskjer dei lykke til!