God og litt merkelig 17.mai til dokke alle

Russepresident Iselin Chemmai Sundgot fyl ein god tradisjon: Nemleg at russepresidenten held tale på 17.mai!

Skriv ut

Her kan du lese absolutt heile talen:

Russepresidenten sin 17.mai-tale, 2020

For dei av dokke som ikkje veit kven eg er, så heiter eg Iselin Chemmai Sundgot og er russepresident ved Ulstein Vidaregåande Skule. Først og fremst må eg berre seie gratulerer med dagen til dokke alle, og eg håper alle held seg friske og trygge.

Vi kan vel alle vere einige i at 17.mai i år ikkje er heilt som vi hadde sett for oss, og at den heilt klart skil seg ut frå alle dei tidlegare åra. Det følest sikkert merkeleg for mange å måtte sette til side dei vanlege 17.mai tradisjonane som å gå i tog, drive med aktivitetar som sekkeløp og kaste på blikkbokser og det å stappe i seg utallige pølser og is og kva det måtte vere fordi det nettopp er 17.mai. Og dagen skulle eigentleg ha vorte avslutta med ulike opptredenar på scena opp med ungdomsskulen, der eg eigentleg skulle ha holdt denne talen. Men slik blei det altså ikkje i år. Likevel er det utruleg viktig at vi feirar denne dagen akkurat like mykje som andre år, for det er jo tross alt grunnlovsdagen vår. Sjølv om vi ikkje får vere mange samla i gymsalen for kaffi og kake, kan vi framleis få ei utrulig fin feiring heimafrå i mindre grupper. Eg tenkjer at vi kan sjå på dette som ei moglegheit til å tilbringe litt ekstra kvalitetstid med dei vi har rundt oss og berre gjere det beste ut av situasjonen vi er i.

Det kjem ei tid der ting blir normalt igjen, og di flinkare vi er på å følgje reglane som er satt, di fortare vil dette forhåpentlegvis skje. Det er nettopp denne nasjonale dugnaden vi som russekull også ønskjer å ta del i. Aldri før har det skjedd noko liknande som setter ein så stor stoppar for russefeiringa, og eg skal ærleg innrømme at vi alle synest at det er utruleg uheldig at dette skulle skje rett før russetida som mange har lagt inn mykje pengar og arbeid i. Men vi er alle fullt klar over at tiltaka som inkluderer ei amputert russetid er nødvendige for å få landet tilbake til normalen igjen. Eg er veldig stolt over medrussane mine som har vore tålmodige i denne perioda og lytta til råda som har blitt gitt. Takka vere eit godt samarbeid med både politiet og kommuneoverlegen har vi likevel fått til ei viss russefeiring, noko som eg trur har letta på frustrasjonen til mange av oss. Eg vil på vegne av heile russekullet også takke alle rundt om som er tålmodige og held ut med oss russen når vi køyrer durande med musikken gjennom gatene, for vi veit kor travle vi kan vere til tider.

Det er no ikkje berre russetida som har blitt amputert for avgangskullet, men også heile den siste perioden på tampen av skuleåret har vore heilt annleis enn det vi hadde sett føre oss. Dette er tross alt den siste tida vi har ilag før folk fer kvart til sitt, og det er utruleg synd at vi ikkje får avslutta skuleåret slik som planlagt. Mitt mål som president var at kvar og ein skulle sjå tilbake på denne perioden som noko fint og minneverdig. Minneverdig kan vi trygt sei at den blei, og sjølv om både skulekvardagen og russetida har vore annleis, føler eg absolutt at vi har gjort det beste ut av situasjonen og hatt det utruleg kjekt ilag.

På tampen vil berre eg gi ein liten beskjed til heile russekullet: Eg håper verkeleg at dokke tek med dokke dei gode augeblikka vi har skapt som russekull vidare i livet. No til hausten går vi inn ei ny og spennande tid, og eg håper at dokke ser tilbake på dette som noko bra, sjølv om det ikkje vart slik vi hadde tenkt.

Elles til dokke alle vil eg berre ønskje dokke ei utruleg fin 17.mai feiring, og igjen, gratulerer med dagen.

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.