Havbøyeprosjektet vårt
19.januar sjøsette teknologi- og forskingslæreklassen ved Ulstein vidaregåande fire bøyer som skal måle straumforholda i sjøen.
Dei skal no måle straumen på 1 og 2 meters djup i Ulsteinvik sentrum.
Dette er eit utforskande og praktisk prosjekt der elevane har produsert alt frå design av bøyene til sjølve bøyene med programvare. Bøyene sender posisjons- og temperaturdata til ein server ved NTNU i Trondheim, i tillegg til å lagre data lokalt i sin eigen elektronikk. Data frå bøyene vert publisert på ei sjølvprodusert nettside, og der kan alle gå inn og sjå kvar bøyene har vore.
Lenke til nettstaden er: https://soutooliver-havboye-havboye-4v3v0s.streamlit.app/
Dette prosjektet skal munne ut i forskingsrapportar som har litt ulike hypoteser eller bruksområder.
I samarbeid med Runde Miljøsenter har elevane fått ei enkel innføring i kva dei undersøker når dei henter data frå sjøen. Dette prosjektet har ein del likskap med bøyene som Runde Miljøsenter nyttar.
Bøyene som elevane har produsert kostar om lag 1000kr og må kunne seiast å vere ein særs rimeleg variant av havstraummåleutstyr. Det er likevel viktig for elevane og skulen å ikkje miste utstyret og vil vil derfor be publikum om dersom dei observerer ei slik bøye på langtur, om å ta den med seg til land og gje beskjed til skulen. Både bøya og måledataa den inneheld vil vere viktig i forskinga elevane utfører.
I første omgang vert det målt i sentrum av Ulsteinvik, då elevane nyttar Skaparhuset til arena for læring. Vidare kjem det til å verte målt ved Hasund, Hareid og i Fosnavåg. Dersom nokon ynskjer å avdekke straumforhold så kan dei ta kontakt med skulen for avtale. Utstyret kan måle straum frå 1-10meter og gjev for eksempel ein god indikasjon på kva djupne avløpsrør bør leggast.
Prosjektet inngår i konkurransen «Ocean Space Race», i havbøyekategorien, der denne gjengen har tenkt å gjere det skarpt den 9. og 10. mars.
Lenke til konkurransen ligg akkurat her.
Takk til Sveinar Kleive for både tekst og bilde!