Kenya = kontrastar

I haustferien reiste ein gjeng på vel 20 elevar og lærarar frå Ulstein, Haram, Herøy, Borgund og Spjelkavik vidaregåande skular til Kenya, i regi av organisasjonen NSP-Aid.

Ved hjelp av fadrar og til dømes Malaika-vgs-prosjekt kan organisasjonen bygge og drive barnelandsbyar med skular og gardsdrift og dessutan gi born i slummen i Nairobi skulegang og eit måltid for dag.

Denne veka har Nora Frantsen og Siri-Lill Hasund frå Herøy vgs og Heine Kulø frå Ulstein vgs heldt foredrag for oss (Amanda har praksisveke). Det  var eit foredrag å bli takknemlig og ettertenksom av.

Skriv ut

I tillegg til Heine reiste også Amanda Osnes Låbakk og Dagny Davidsen frå vår skule. Dei kom heim med så mange og varierte inntrykk at dei kjem ikkje til å lande på lenge enno.

Enkelt fortalt kan vi seie at dei såg at skulegang og utdanning er viktig. Det er ekstra viktig for dei som bur i slummen, sidan det gir dei ein muleg veg ut. Dei som følgde den norske gruppa rundt var sjølv born av slummen, men dei hadde faktisk fått utdanning og kunne no gjere ein jobb for å hjelpe fleire ut av søppeldynga, stanken, det etsande vatnet i "gatene", nødvendigheita av å måtte betale for kvar ein ting du treng. Endatil å gå på do må du betale for i slummen, ingen har toalett i "heimen", skillet mellom husværa er ofte ei gardin frå tak til golv.

Den største slummen heiter Kiberia, der bur det cirka 1 million innbyggjarar. I Kawangware (ein anna slum) ligg skulen Prince of Peace, som er ein skule med 650 elevar og 20 lærarar fordelt på nokre små klasserom. Borna som er så heldige å få gå på skule er der frå kl.6 om morgonen til kl.18 på ettermiddagen.

Elevane fortalde om triste skjebnar, som til dømes familiefaren dei møtte som hadde mista kona si i kreft - berre tre månadar etter at ho var ferdig utdanna sjukepleiar og skulle brødfø familien sin. Han sit att utan kone, men med stor sjukehusgjeld som han ikkje vil greie å betale.

Eller tvillingane som kom til skulen kvar dag for kanskje å få seg eit måltid. To eldre systrer gjekk på skulen (dei hadde fadrar som betalte skulegangen for dei), men utan fadrar hadde ikkje småttisane sjans på skulegang. Mor var sjuk, far var død. Det endte med at Heine og ei jente frå ein annan skule tok på seg å vere fadrar for desse to. Ei skikkeleg solskinshistorie! Gutane har allereie fått skuleuniform og slepp å tigge mat og drive rundt aleine i slummen. Også andre i følgjet vart fadrar undervegs.

Reisefølgjet fekk sjå den første barnelandsbyen som blant anna elevar før dei har samla inn pengar til - Malaika Villages Faraja. Denne ligg litt ved kysten, ved Mombasa. Der ligg blant anna huset med namn "Sunnmøre Home 1" med plass til 8 barn og 1 husfar/husmor.

Dei var sjølvsagt også innom byggeplassen som skal bli Malaika Villages Kiserian. Der såg dei huset som skal heite "Sunnmøre Home 2". Barnelandsbyen skal vere ferdig april 2023.

I 2013 stod NSP-Aid for 14 skuleplassar, i 2014 for 115 og i år står dei for 1000 (der 500 av dei finansiert av NSP-Aid-fadrar).

Elevane fekk også oppleve kor vakkert Kenya kan vere - dei var blant anna på safari, båttur med snorkling og på stranda.

Alt i alt: Ein "fælfin" tur med mange opplevingar, godt samhald, tårer og mykje glede.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.