Klagehandsaming våren 2024

Til skulen sine elevar:

Her finn du informasjon om klagehandsaming og fristar i samband med klage.

Skriv ut

Fristane som er gitt for klage er fristar for levering til skulen.

 

Dato

Vg1

Vg2

Vg3

Merknad

14.juni 24

Offentleggjering av standpunkt-karakterar

Offentleggjering av standpunkt-karakterar

Offentleggjering av standpunkt-karakterar

Klage kan ikkje leverast før karakterane er offentleggjorde

20.juni 24

Hurtigklagefrist for standpunkt *)

Hurtigklagefrist for standpunkt *)

Hurtigklagefrist for standpunkt *)

Vg3-elevar vil bli prioriterte

22.juni 24 kl.09:00

Alle skriftelege eksamenskarakterar skal vere offentleggjorde

Alle skriftelege eksamenskarakterar skal vere offentleggjorde

Alle skriftelege eksamenskarakterar skal vere offentleggjorde

 

24.juni 24

Ordinær klagefrist for standpunkt

Ordinær klagefrist for standpunkt

Ordinær klagefrist for standpunkt

Klagefrist er 10 dagar

26.juni 24

kl.12:00

 

 

Hurtigklagefrist for eksamen *)

Gjeld berre Vg3 ST/ID/PB

I løpet av 1.juli 24

Ordinær klagefrist for skrifteleg eksamen

Ordinær klagefrist for skrifteleg eksamen

Ordinær klagefrist for skrifteleg eksamen

 

 

 

*) Hurtigklagefristen betyr at klagene vert handsama så raskt at resultatet er klart før inntaket til høgare utdanning vert gjort. Den er difor kortare enn 10 dagar.

Klager på standpunkt vert handsama på fylkesnivå. Desse vert stort sett handsama fortløpande.

 

I forskrifta til opplæringslova vert klage handsama i kap. 5

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724/KAPITTEL_7#KAPITTEL_7

Merk bl.a.

§ 5-7. Rett til grunngjeving

Den som har klagerett, jf. § 5-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd.

Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren.

Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

Jfr. § 5-5 Klagefristar

Klagefristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.

 

Standpunkt i fag

Klage på standpunktkarakterar i fag er regulert i forskrift til opplæringslova § 5-12:

§ 5-12.Klage på standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Rektor og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

§ 5-6. Formkrav

Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt. Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter § 5-9.

 

Orden og åtferd

Klage på standpunktkarakterar i orden og i åtferd er regulert i forskrift til opplæringslova § 5-13:

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

 

Informasjon om klage finn du på Møre og Romsdal fylke si heimeside:

Link til skjema som eleven skal nytte ved klage på standpunktkarakter:

https://mrfylke.no/tenester/skole-og-opplaring/opplaring-i-skole/klage-a-standpunktkarakter/

 

Her finn du informasjon om klage, klagefrist og prosess.

Klikk på « Gå til skjema for klage på standpunktkarakter» om du vil klage på standpunktkarakteren i eit fag. Fyll ut skjemaet og lever det til skulen innan klagefristen.

Ta elles kontakt med skulen dersom det er noko som er uklart rundt klage og klagefristar.

 

Informasjon om klage finn ein også på Udir.no:

https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/vurdering/behandling-av-klager-pa-standpunktkarakterer-i-fag/

 

NB! Fristane som er sette er endelege.

Ulsteinvik, 15.05.2024

Margaret Alme

Rektor

 

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.