Korleis gjekk det med Keth som gjekk idrett her?
Keth Lane Remøy valde idrett fordi ho alltid har vore glad i trening og sport.
På ungdomsskulen var favorittfaget hennar kroppsøving og på fritida spelte ho handball på Bergsøy idrettslag, valet vart derfor veldig enkelt. Ho var aldri i tvil om at ho skulle gå idrett på UVS og har heldigvis aldri angra på det.
Hadde du eit favorittfag då du gjekk på UVS?
- Favorittfaget mitt var heilt klart idrettsfaga, kanskje aller mest aktivitetslære. Då fekk eg prøvd fleire forskjellige idrettar.
Kva gjorde du etter vidaregåande og kva gjer du på no?
- Etter UVS hadde eg eit friår sidan eg var usikker på kva høgare utdanning eg skulle velje. Etter friåret starta eg på bacheloren min i økonomi og administrasjon på NTNU i Ålesund. Medan eg gjekk på studiet jobba eg på sjukeheimen i Herøy ved sidan av. Det var då eg fann ut at eg ville bli sjukepleiar. Det heile enda med at eg tok både ein bachelor i økonomi og administrasjon og ein bachelor i sjukepleie. No er eg så heldig at eg har fått meg ein jobb der eg kan bruke kompetansen frå begge bachelorane mine som spesialkonsulent i avdeling for tenestekoordinering i Herøy kommune.
Har du eit godt råd til ungdommen som skal velje no før 1.mars?
- Ikkje la andre sine val påverke det du sjølv har mest lyst til. Vel det som du synst er mest interessant og som motiverer deg.