Korleis gjekk det med Solveig som gjekk IKT og påbygg her?

Mange er usikre på kva dei skal velje på vidaregåande.

Berre eit fåtal veit akkurat kva dei vil bli.

Det er ikkje alltid at ting går som på ”skinner”. Og det er faktisk heilt greitt.

Skriv ut

Sjølv om ein trur at ein har planen klar, så er det også lov å endre meining, og gjere omval. Her får du historia om ei jente som hadde det akkurat slik. Og om du kjem i ein slik situasjon, eller kanskje allereie er der, så fortvil ikkje. Det går oftast bra.

Berre sjå her:

Solveig er ei av dei som trudde ho visste kva ho ville bli. Ho hadde ein draum om å bli kreftsjukepleiar, helst på ei barneavdeling. Grunnen var fordi ho sjølv har opplevd kreft i familien. Søstera døydde som følgje av sjukdomen, rett før Solveig starta på ungdomsskulen.

I tillegg hadde Solveig tatt alle dei utdanningsundersøkingane som ho fann på nett, og alle var med på å støtte opp om draumen. Difor søkte ho, og kom inn på, helse- og oppvekstfag. Men det vart med det eine året.

  • Etter kvart fann eg ut at eg ikkje likte sprøyter, og ikkje blod. I tillegg vart eg så frykteleg lei meg av alle dei triste sjukehistoriene. Difor måtte eg endre retning og valet fall på IKT sidan eg kunne kome inn her uansett kva linje eg hadde gått på Vg1 (red.anm.: Slik var det då, men ikkje no). På denne tida hadde eg også begynt å interessere meg for motorar og bilar. IKT er nok eit typisk gute-val, og med bakgrunn i dei ”nye interessene” hadde eg litt lyst til å utfordre meg sjølv. Eg starta som einaste jente i klassa, med Mac, ei såkalla eplekasse, medan dei andre sjøvsagt hadde Windows-system på PC-ane sine… Å gå i klasse med berre gutar ser eg på som udelt positivt. Eg stortreivst i denne klassa. Det er ofte mykje drama mellom jenter. Faga derimot var ikkje akkurat så veldig interessante, innsåg eg etterkvart, men det gjekk greitt.

Etter fullført IKT-servicefag tok Solveig påbygg og fekk generell studiekompetanse.

Ville du valt det samme opp igjen?
  • Eg ser no at dei vala eg tok, var komfortable val. Skulle eg valt på nytt, hadde eg definitivt valt noko som utfordra meg meir, kanskje TIP eller Fiske og fangst?

Medan Solveig gjekk vidaregåande hadde ho deltidsarbeid, noko som er ganske krevjande og ikkje ein så god kombinasjon med det å gå på skule.

Så, etter eit ”friår” vart det endeleg førstegangsteneste på Solveig, der ho fekk testa uthald, fysikk og grenser. Det var både utfordrande og kjekt. Ho utvida førstegongstenesta frå 12 til 18 månader og vart ein del av Stridstrenbataljonen. Dette er Hæren si forsynings- og transportavdeling med verkstadkompetanse. Med andre ord: Solveig køyrer store lastebilar.

I lag med 1800 andre søkte ho på stilling som grenader. Etter fleire opptaksprøver vart ho ein av 150 som fekk tilbod om arbeid i forsvaret. I 2019 drog ho frå Bardufoss til Rena, der ho var grenader i KP1. Ho var tilsett som vognfører av drivstoff, dvs. at ho køyrde lastebil med tankflak. Ho var også ein del av HRS (Hurtig reaksjonsstyrke).

Er du fortsatt på Rena?
  • Nei! Etter militærtenesta (slutten av juni) tok eg på meg jobb hos Snorrebuda i påvente av Yrkessjåførkurs - det dukka opp plass på det kurset allereie i august og det blei fullt kjør med 100% jobb og kurs om kvarandre før eg sikra meg jobb hos Franzefoss frå oktober av! Her er eg fortsatt og har tatt på meg vervet som verneombud i tillegg til å få styre med mykje forskjellig, primært som sjåfør. Eg køyrer krok-, lift- og komprimatorbil, alt ettersom.
Har du eit godt råd til 10.klassingen som no sit og skal velje?
  • Ikkje tru at du må ha alle svara med ein gong, av og til kjem dei til deg når du minst ventar det. Vegen blir nemleg til medan ein går.
  • Eg tenker også at kvifor skal det vere berre det arket med karakterar på, altså vitnemålet, som definerer deg som person? Det burde vere fleire ting som var verdt noko i skulesamanheng.

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.