Korleis gjekk det med Sveinung som gjekk studiespesialisering her?

Sidan ungdomsskuletida hadde Sveinung ein tanke om at han ville utdanne seg innan arkitektur eller design. Eigentleg hadde han tenkt å gå studieførebuande med kunst/design/arkitektur, men då ville han ikkje få fysikk, og det ville han også ha. Så då vart det studiespesialisering på UVS i staden for.

Skriv ut

No er han 26 år og hjørungavågaren har kome tilbake til Sunnmøre og jobbar som arkitekt i Ulsteinvik.

Er du fornøgd med valet du gjorde då du var 10.klassing?
  • Det er vel alltid pluss og minus med val ein gjer. På studiespesialiserande fekk eg moglegheita til å reise til Skotland på utveksling i vg2. Det var ei oppleving eg vaks veldig på som menneske, og som gav meirsmak. Seinare førte det til at eg tok enda eit år utveksling gjennom universitetet, denne gongen til Japan. Om det er ein ting eg vil anbefale, så er det å reise vekk og utfordre seg sjølv med nye opplevingar!
Favorittfag frå vidaregåande?
  • Fysikk. Realfag generelt har alltid vore fascinerande, men fysikken på vidaregåande hugsar eg som veldig kjekk! Den var med og gav meg ei forståing av faget som gjorde det lettare å skjønne dei meir tekniske faga på universitetet. Dessutan trengde eg både Fysikk 1, R1 og R2 for å kome inn på arkitektstudiet i Trondheim, som eg gjerne ville inn på. Trondheim er ein veldig flott studie-by med eit miljø kven som helst kan finne seg til rette i!
Beste minnet frå tida på UVS?
  • No i ettertid ser eg jo tilbake på skuletida med ein god dose nostalgi, men det eg hugsar best er det kjekke klassemiljøet i ST3, og gleda av småsnakking i timen. Utvekslingsåret står kanskje sterkast i minnet, men det var ikkje akkurat på UVS… I det heile hugsar eg vidaregåande som ei tid der eg vaks mykje på forskjellige utfordringar, fagleg og menneskeleg, som kom godt med når eg flytta til Trondheim.
Kva gjer du no?
  • No er eg ferdig med masteren i arkitektur, og jobbar her i Ulsteinvik på Sporstøl Arkitekter AS. Etter å ha budd så mange år vekk var det eigentleg godt å kome tilbake til Sunnmøre, sjølv om reiselysta framleis er sterk! Gjennom studiar og utveksling har eg fått ein del internasjonale vener som eg gjerne vil besøke, så reiser skal det nok bli!
Har du eit råd til 10.klassingen som skal velje utdanningsveg?
  • Valet du no tek er på ingen måte endeleg, då du alltid kan endre retning seinare. Viktigare er det å hugse å ha det litt gøy medan du går skule, og oppleve ting som utfordrar! Det er minst like viktig å utvikle seg som menneske som å utvikle seg fagleg!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.