No er førsteinntaket gjort

Vi gler oss til å sjå nye og gamle ansikt rundt omkring på skulen!

Hugs berre å svare innan fristen, 16.juli!

Skriv ut

Dersom det er noko du lurer på ift oppstart, vil vi anbefale at du går inn på denne lenka, der vil du finne mykje god  informasjon.

Første skuledag er 23.august, då vil skulen vere som litt av songen til Alf Prøysen: ...som rein og ubrukt står... Vel, ikkje akkurat ubrukt, men iallfall skinande rein! Vi har eit glitrande godt reinhaldspersonale som hjelper oss halde skulen fin, i lag med alle oss andre som brukar skulen dagleg.

Alle nye elevar, anten dei no er Vg1, Vg2 eller noko anna, møter i atriet. Der vil dei finne ei oversikt over kvar dei skal møte (det kan vere landskapet, kantina, atriet eller eit klasserom). Deretter blir Vg1-elevane fordelt på dei forskjellige klassene og får vere i lag resten av skuleåret <3

Er du ny elev på dei andre trinna skal du ha fått eit velkomstbrev, der det blant anna står at elevane skal møte i atriet. Der finn du oversikt over kvar dei enkelte klassene skal vere. Er du usikker på kvar du skal, spør einkvan! 

TIPS til nye elevar: Av erfaring veit vi at klassekameratane kan virke litt rare/cocky/merkelege/altfor perfekte/altfor eitelleranna dei første par vekene! MEN dei blir veldig kjekke! Stol på oss med både erfaring frå eige liv og frå kateterplassen fremst i klasserommet :)