No kan du søke vidaregåande opplæring

Det er rett og slett opna for søking til skoleåret  2022/2023!

Skriv ut

Søke skuleplass gjer du sjølvsagt på vigo.no. Fristen for å søke er 1. mars, og du kan registrere og endre søknaden din heilt fram til då.

NB! For dei som har fortrinnsrett eller krav på individuell vurdering, er søknadsfristen 1. februar. Dette er også søknadsfrist for formidling til læreplass for lærekandidatar.

Rett til plass

Søkarar frå ungdomsskulen har rett til å få plass ved eitt av tre utdanningsprogram. Opplæringslova seier at ein skal søke tre utdanningsprogram til Vg1.

- Det er svært viktig at søkarar følger opp dette. Dersom du berre fører opp eitt utdanningsprogram og ein skule, kan du risikere at du blir vidaresøkt til eit skuletilbod som du kanskje ikkje ønsker å ta i mot, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om dei ulike utdanningsprogramma i tilbodsheftet til fylkeskommunen.

Presentasjon av dei ulike utdanningsprogramma er også tilgjengeleg på vilbli.no.

Under her er kontaktinformasjonen til rådgivarane våre, Liv og Hege. I tillegg finn du kontaktinformasjonen til Cecilie Buaas som er rådgjevar/inntakskoordinator på fylkesplan.

Kontakt