Nye covid19-reglar frå laurdag 12.02

Kommuneoverlegen i Ulstein, Norunn Kirkebø Elde, som har vore og er ein god sparringpartnar i denne litt rare tida, har sendt denne oppdateringa til oss:
"Det kom  laurdag 12.02 nye retningslinjer i forhold til handtering av covid 19 pandemien. Trafikklysmodellen er oppheva og vi kan gå tilbake til slik vi levde før pandemien.

Skriv ut

Born og unge frå fødsel og tom vidaregåande skule treng ikkje lenger teste seg. Dei skal vere heime når dei er sjuke og kan kome tilbake på skule og barnehage når dei har vore feberfrie i 24 timar.

Dette gjeld også om dei har testa seg heime og har fått påvist positiv test. Vaksne husstandsmedlemmer og andre nærkontakter skal teste seg berre ved symptom.

Alle kan framleis hente testar ved Ulstein helsestasjon i opningstida mellom kl 08.00-16.00.

Vi oppmodar i tråd med sentrale anbefalingar at dei som har testa seg og fått positiv test registrerer denne inn på kommuna si heimeside, anten det gjeld born eller vaksne.

https://www.ulstein.kommune.no/aktuelt/registrer-positiv-heimetest-sjolv.143075.aspx

(NB! Elevar/tilsette frå andre kommuner må registrere seg via eigen kommune sine nettsider.)

 

Les meir i lenka under om kva ein skal gjere når born og vaksne får nyoppståtte luftvegssymptom:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/nye_luftveissymptomer_og_testing/#ved-positiv-test

 

Venleg helsing

Norunn Kirkebø Elde kommuneoverlege"