På tur til Ulsteindalen kraftstasjon
2EL1 og lærar Jens Aage Aschehoug tok turen ut i Ulsteindalen torsdag 18.januar. Kva hadde dei der å gjere, lurer du kanskje på?
Temaet for turen var: "Ulsteindalen kraftstasjon, frå nedslagsfelt til Ulstein skule" og er ein del av faget med det snertne namnet "Produksjon, overføring og fordeling av elektrisk energi". Turen var ein del av eit gruppearbeid som gjekk over to veker.
Lærar Jens Aage har med sikker hand skrive følgjande epistel om ekskursjonen:
" Torsdag den 18.januar kl 10.00 reiste vi frå UVS til Ulsteindalen kraftstasjon på ekskursjonstur for å få betre kunnskap om kraftstasjon og -produksjon.
Kraftstasjonsmaskinist Roy Muren frå Tussa Kraft AS tok i mot oss i Ulsteindalen og viste oss rundt på den gamle stasjonen. Han vart teken i bruk i1917 og var i drift fram til 02.04.2001. Frå denne datoen vart den nye stasjonen sett i drift, med ein årsproduksjon på ca 5 GWh.
Gamlestasjonen er i dag tenkt som museum.
Roy fekk bryne seg på kunnskapen sin om stasjonen og fekk mange spørsmål frå vitelystne elevar, som òg tok mange bilete til dokumentasjon og underlag for oppgåva. Etter at alle var "olyste" på gamlestasjonen, fekk vi omvising på den nye.
Etter at Roy hadde takka for seg, gjekk klassa ned Ulsteindalen på linebefaring, med endestasjon ved Ulstein skule. Sjølvsagt måtte det sludde slik at nokre vart både våte og kalde. Då oppdraget var avslutta, samlast alle heime hos underteikna til lunsj med saft, kaffi og svele. Deretter reiste vi tilbake til UVS og avslutta dagen der.
Det er fint å kunne ta med elevane på slike turar
- der dei får oppleve det verkelege arbeidslivet
- der dei får kontakt med og kunnskap frå desse som steller med det til dagleg
Dette gir balsam til sjela for både elevar og lærarar."
Det trur vi alle vil vere einige i: Ein må ha både praksis og teori dersom eit fag skal verte interessant.