Skal du ta privatisteksamen til våren?
Vil du forbedre ein karakter eller manglar du karakter i eit fag, hugs at fristen for å melde seg opp til privatisteksamen går ut 1.februar kl.23.55.
Du melder deg opp og betalar via denne lenka.
Pris per eksamen er:
kr 1217,- per eksamen for
• fag du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter i
• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist
kr 2435,- per eksamen for
• fag du alt har bestått som elev eller privatist
Pass på at du melder deg opp i rett fag og med rett kode. Er du usikker, ta kontakt med eksamensskulen.