Tonje i Santa Claus, Indiana

Av og til har vi elevar som vil gjere noko litt anna. Dei vil fortsatt gå på skule, men bli kjent med nye folk. Dei vil puste inn anna luft, gå nye vegar, spise anna mat.

Tonje Christin Hide er ein slik elev. Ho reiste til USA i sommar og kjem igjen til våren, mest som ein trekkfugl.

Skriv ut

Her kan du lese korleis ho har det:

Skuleåret 2022/2023 er eg så heldig å få tilbringe i USA! Torsdag 14.juli 2022 sette eg meg på flyet, på veg til mitt nye liv. Eg reiste over med null forventningar, og med eit ope sinn. Eg skulle no endeleg få byrje på mitt eventyr. Eit eventyr som eg har drøymt om heilt sidan den eldste systera mi var på utveksling.

Det å kome på Gardemoen med ein einvegsbillett var både skummelt og spennande. Eg visste at dette året kom til å bli utfordrande på alle måtar. Ikkje berre skulle eg flytte til eit heilt nytt land og leve eit vanleg amerikansk liv, men eg måtte også starte heilt på nytt og snakke engelsk heile tida. Eg kom til USA utan å kjenne nokon, eg måtte finne måtar å kome i kontakt med folk og bli kjent med dei på. Då eg kom hit visste eg ikkje eingong kven eg kom til å bu med heile året. Det skulle ta 6 veker før eg fekk mi permanente familie, dette fordi at organisasjonen skal finne den beste familien til akkurat deg.

Det å vere på utveksling blir ofte samanlikna som ei berg-og-dalbane. Etter mi erfaring så er dette heilt sant og den beste måten å beskrive livet her som. Dei fyrste vekene er du fortsatt i «honeymoon»-fasa. Alt er heilt nytt og magisk, men etterkvart vil heimlengselen kome snikande. For meg var dei fyrste vekene på skule veldig utfordrande, med eit heilt nytt system, nye måtar å undervise på, og mykje nye folk. Heldigvis for meg så spelte eg fotball, og hadde fått blitt kjent med nye folk på førehand. Det å bli med på ein sport i skulen er det beste valget eg har gjort. Eg spelte for Heritage Hills Lady Patriots. Her fekk eg nokon av mine beste vennar, og beste minner.

Nokon av mine beste minner kjem frå «Friday night football» når heile skulen er samla og heiar når American football-laget spelar. Det å stå i tribuna og rope og danse er ein heilt magisk følelse. Alle er på kamp, anten ein er interessert i kampen eller ikkje, dei fleste er der for det sosiale ved det. Du får verkeleg oppleve High School Spirit. Veka før ein stor kamp eller før ein skuledans har vi også utkledningsdagar for å få opp stemninga og for at alle skal glede seg enda meir.

Eit år på utveksling vil utfordre deg på mange måtar, der det vil vere dagar der alt du vil er å sette deg på det neste flyet heim. Heldigvis er desse dagane få og du vil merke at det nye livet er den nye normalen. For meg så har livet i Santa Claus, Indiana blitt min nye normal. Eg klarar ikkje heilt å førestille meg korleis livet kjem til å bli når eg ikkje er her lenger.

Nokre endringar som eg har sett i meg sjølv er at eg har blitt enda meir open for å møte nye folk, og eg har lettare for å ta det fyrste initiativet. Når du er på utveksling så lærer du også å sette pris på alt du får gjere og oppleve. Det kan vere store ting som turar du får ta med vertsfamilien eller vener, til mindre ting som det å fare på matbutikken og handle inn til middag. Turar til Walmart eller Target vert spesielle og du set mykje større pris på alt, dette er ikkje noko ein tek som ei sjølvfølgje. I tillegg til å setje pris på ting du får oppleve her, lærer du også å setje pris på ting du kanskje tok for gitt heime. For meg så har eg innsett kor viktig det er å nyte tida du har med familie og det å vere tilstades når du tilbringer tid med dei. Ikkje ta tid med familie og vennar for gitt. Eg har også blitt mykje meir komfortabel med å snakke engelsk og eg har innsett at ein ikkje treng å snakke heilt perfekt for å bli forstått.

No er eg halvvegs i året mitt, og eg vert meir og meir sikker på at dette var det rette valget for meg. Eg hadde gjort dette valget igjen 10/10 gangar. Alt eg får oppleve her og lære her er så verdifullt og eg kan ikkje tenke meg livet utan det. Eg har skapt minner og fått vener for livet!

Dersom nokon vil høyre meir om opplevinga mi på utveksling er det berre å ta kontakt!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.