Ulstein vgs og omfangsundersøkinga UngVold
Studien om vald og overgrep er gjennomført to gongar tidlegare, i 2007 og 2015, og har allereie gitt Forskningsinstituttet NOVA ved OsloMet verdifull kunnskap om korleis unge har det i dagens samfunn.
No skal dei i gang med den tredje datainnsamlinga. NOVA meiner at resultata frå undersøkinga vil gi viktige føringar for korleis samfunnet kan lage gode tiltak som kan forebygge vald og overgrep mot barn og unge.
I undersøkinga får elevane spørsmål som går på følgjande område:
- Vald og seksuelle overgrep i ulike situasjonar
- Kropp og seksualitet
- Helse, trivsel og livskvalitet
- Regelbrudd og rusmiddelbruk
- Bakgrunnsopplysninger om deltakerne og deres familie, som kjønn, alder, skole, foreldres arbeid, utdanning og landbakgrunn, bosituasjon og økonomi
Vi vil gjennomføre undersøkinga etter vinterferien og før påskeferien.
Det er viktig å merke seg at deltakinga er frivillig. Vi håper sjølvsagt at så mange som muleg vil svare.
Er dei med i undersøkinga, kan elevane hoppe over spørsmål dei ikkje vil svare på og kan også slutte å svare undervegs viss dei ynskjer det.