Utviding av tida med stengde skular – fram t.o.m 13.april 2020

Margaret rektor skriv følgjande (veldig lurt å lese heile artikkelen):

Styresmaktene bestemte i går å vidareføre stenginga av skulane, i denne omgang fram til og med 13.april 20 (2.påskedag) og den nettbaserte undervisninga må halde fram.

Skriv ut

Så langt har det gått greitt. Ulstein vgs har ikkje så langt gjennomført noko undersøking blant alle elevane, men ein del kontaktlærarar har stilt spørsmål til sine elevar og dei tilbakemeldingane har vi i leiinga fått.

Det synest å gå bra. Det tekniske fungerer og elevane «møter». Ulstein vgs har bestemt å køyre «undervisninga» etter oppsett timeplan og at elevar og lærarar møtest i starten av undervisningsøkta til ei fellessamling. Deretter vert det opp til læraren kva han/ho gir av vidare arbeidsoppgåver og korleis dette skal leverast inn/leggast fram.

Arbeidsmengde

Vi trur det er viktig å ha noko fast å gå til kvar dag når ein opplever ein slik unntakstilstand, dvs at vi held fast ved ein så «normal» skulekvardag som mogleg. Tilbakemeldingar tyder på at det vert opplevd som OK frå elevane si side også. Det vi får tilbakemeldingar på er at arbeidsmengda kan bli i største laget. Dette er kommunisert ut til lærarane og vi håper og trur det vil betre seg, men det er viktig at elevane, eller dei føresette, gir tilbakemelding til læraren, kontaktlæraren eller leiinga om arbeidsmengda vert opplevd som problematisk stor og stressande. Det er mange ting som stel energi desse dagane og det er ikkje skulen si meining å «knekke nakken» på elevane.

Vurderingar

Det er framleis ikkje bestemt om eksamen skal gjennomførast som planlagt. Det vi veit er at standpunktkarakter skal settast. Ei avklaring rundt eksamen eller ei, håper vi skulane får før påske, men det kan vere vi må vente til etter. Fell eksamen bort er det berre standpunktkarakteren som vert gjeldande. Difor er det viktig at skulen får gjennomført eit minimum av vurderingar, slik at standpunktkarakter kan settast på breiast mogeleg grunnlag.

Behov for nokon å snakke med

Alle i skulen kan kontaktast om ein har behov for nokon å snakke med, enten via telefon, e-post eller chat. Skulen sin helsesjukepleiar, Hanna Moldskred, vil også prøve å vere disponibel for elevane per telefon/sms. Ho kan kontaktast på tlf. 915 39 713.

Søknad høgare utdanning

Det nærmar seg søknadsfrist for høgare utdanning. Trass i unntakstilstanden vi er i er det viktig at ein søkjer slik ein har hatt planar om. Søknadsfristen er 15.april. Avgangselevane finn ein del informasjon her: https://mrfylke-my.sharepoint.com/:w:/g/personal/liv_berit_ose_mrfylke_no/EdCyVDocqvdDhBoPuzHDMZoBgONJFnBWeWqJrTS0ZEUWFQ?e=fj5j1S

Ei krevjande tid for alle

Dette er ei krevjande tid for alle, både elevar, lærarar, foreldre og familie. Vi må gjere vårt beste for å kome gjennom den på ein så god måte som mogleg. Vi har sjølvsagt fokus på skule og opplæring, det er samfunnsoppdraget vårt. Vi håper at elevane våre har så bra moglegheiter til å følgje med i undervisninga som mogleg, men vi ser også at det kan vere ulike føresetnader for det, særleg når dette vert strekt ut i tid. Nokre elevar vert også bedne om å ta eit samfunnsansvar gjennom jobb t.d. i helsesektoren. Det stiller vi oss positive til, men minner dei likevel på viktigheita av å følgje med i faga.

Så ønskjer eg alle lykke til med denne dugnaden for folkehelsa, i ein situasjon vi aldri ha vore i før og som vi heller ikkje veit fasiten på. Ta kontakt med skulen om det er spørsmål eller behov for avklaringar av nokon art.

 

Hjørungavåg, 25.03.2020

Margaret Alme

Rektor

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.