Vi jaktar på tilkallingsvikar og vikar for ein av konsulentane våre!

Søknadsfristen er 8.september både for tilkallingsvikarane og for konsulenten.

Tilkallingsvikaren må ha fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, eller ha anna relevant utdanning og erfaring.

Dei må blant anna vere tydelege vaksne som har lyst til å arbeide med ungdommar i eit godt fagmiljø, og dei må vere pålitelige og ha gode samarbeidsevner.

Konsulentvikaren vi søkjer har utdanning og/eller arbeidserfaring innan økonomi og administrasjon med god ikt-kompetanse, erfaring med Visma Inschool er ein fordel.

Du må blant anna kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide godt med andre.