VIP-programmet - nytt på Ulstein vgs
I år starta vi opp VIP-programmet.
VIP? Very Important Person? Ja, det også! Men i denne samanhengen står det for "Veiledning og informasjon om psykisk helse i skolen".
Det er eit skuleprogram som er finansiert av Helsedirektoratet og eigd av Vestre Viken HF.
Om lag 130 vidaregåande skular over heile landet køyrer dette opplegget kvart år og i vinter var det altså UVS sin tur.
I år brukar vi det i alle VG1-klassene. VIP går i korte trekk ut på å rettleie og informere lærarar og elevar om psykisk helse og ungdom. Vi vil at elevane skal verte betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse og i tillegg gje dei kunnskap om kven dei kan spørje dersom dei opplever psykiske problem og lidingar.
Alle elevane har fått utdelt eit hefte, "Livet og sånn", der ein tek opp forskjellige tema som einsemd, sjølvkjensle, kjensler og tankar, å vere ein god ven og korleis ta vare på eiga psykisk helse.
Vi vil på det sterkaste oppmode dykk om å bla litt i dette heftet, det er godt skrive og godt forklart.
Forsking viser at programmet har effekt på mellom anna kunnskap om psykisk helse, på relasjonar elevane i mellom og på elevane si psykiske helse.
De finn meir informasjon på nettstaden deira.