Miljøfyrtårnet Ulstein vgs

Å vere miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Vi oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvennlig drift og eit godt arbeidsmiljø.

Vi må også levere årlege miljørapportar og kvart tredje år blir verksemda resertifisert.

Sertifikatet er godkjent av myndigheitene ved offentlege innkjøp.

Å vere eit miljøfyrtårn er å ta miljøansvar i praksis og ikkje berre på papiret. (Henta og omsett frå http://www.miljofyrtarn.no/)

Dette betyr blant anna at vi prøver å reise minst muleg (kun når det er naudsynt, og på den mest miljøvenlege måten), og at vi gjer innkjøp som er mest mulig miljøvenlege (både når det gjeld forbruk og tal).

Miljøfyrtårnsvaktaren vår utarbeider klima- og miljørapportar kvart år, i tillegg til at han/ho deler informasjon internt på huset og har eit tett samarbeid med samarbeidsutvalet ved skulen.

Les meir her om miljøfyrtårn