For nye Vg2-, Vg3- og Vg4-elevar, trykk her.
Ulstein vgs meiner at elevane skal vere trygge i skulekvardagen sin.
Difor fyl vi Vestre Viken sitt opplegg for eit trygt skulemiljø.
Det vil seie at vi har faste plassar (slik at når elevane kjem den første skuledagen, vil dei finne namnet sitt på pulten, dei slepper leite etter ein plass å sitje), vi har dagar der vi fokuserer på psykisk helse, vi prøver å ha augene og øyrene opne.
Programmet tilrår faste plassar fram til haustferien, men dei fleste vg1-klassene køyrer dette heile skuleåret. Det viser seg å ha god effekt på klassemiljø og trivsel i skulekvardagen.
Vi ynskjer at alle elevar på idrett og studiespesialisering skal velje retning innan matematikk før dei tek til på VG1.
Elevar på ST og ID skal ha fått eit informasjonsskriv om matematikk. Dersom du ikkje finn det att, kan du finne infoskrivet for ID her og infoskrivet for ST her.
Sjå meir info om dei ulike kursa i menyen til venstre.
Du vel matematikk på denne sida.
Språkvalet gjeld berre for elevar på ID og ST:
Elevar utan tre år med framandspråk i grunnskulen (engelsk tel ikkje som framandspråk), skal starte med framandspråk I+II og skal ha dette språket alle dei tre åra på vgs.
Elevar med tre år med framandspråk i grunnskulen (engelsk tel ikkje som framandspråk), kan velje å halde fram med det same språket på nivå II, eller å starte med eit nytt språk på nivå I. Desse elevane er «ferdige» med framandspråk etter Vg2.
Ved Ulstein vgs kan du velje mellom språka spansk II, tysk I, tysk I+II og tysk II.
Ulstein vgs fyl desse prinsippa ved klassedeling:
Då betalar du kvart år inn samme beløp som det utstyrstipendet som alle får (i år er det 1096kr) dei åra du går på UVS (basert på tre års skulegang). Det vil seie at du ikkje betalar noko for den, eigentleg, sidan du brukar stipendet som du får av Lånekassen.
Då får du ein glimrande god skule-PC!
Dersom noko går gale, får du låne-PC medan du ventar på at den blir fiksa eller at du får ein ny. Når du er ferdig med vgs, er PCen din for evig og alltid.
Du søkjer om skule-PC her. I tillegg finn du mykje god informasjon der. Det er lurt å gjere det så fort som muleg slik at du sikrar deg at du får den i løpet av skulestartveka.
På Lånekassen sine nettsider kan du enkelt søke om stipend for gjeldande skuleår. Du finn all informasjonen du treng akkurat her i denne lenka.
Legg merke til at det er forskjellige satsar alt etter utdanningsområde.