Oppdatert informasjon - Covid19

13.04.21 - Vi har oppdatert den lokale tiltaksplanen vår, slik at gult og raudt nivå skal stettast på best muleg vis!

Du finn den dersom du trykkjer akkurat her.

18.01.21 - Vi får gå tilbake til gult nivå

I pressekonferansen i dag fekk vi vite at vgs får gå tilbake til gult nivå f.o.m. onsdag 20.01.21. Det er fint, det!

 

04.01.21 - Alle vgs på raudt nivå, iallfall til 18.01.21

Alle vidaregåande skular i Norge gjekk måndag over til raudt nivå, dvs avstandskravet på 1 meter skal haldast i alle situasjonar, samt ein del andre endringar.

I praksis betyr det for Ulstein vgs at enkelte klasser vil ha digital heimeundervisning nokre dagar i veka. Dette fordi vi må dele dei største gruppene på to klasserom for å halde avstandskravet.

Plan over kva klasser som møter til kva tid vart lagt ut i teams til alle skulen sine elevar og tilsette måndag.

Skulen si kantine er opa for sal av mat, men elevane må ete på klasseromma sine.

Her finn du både tiltaksplanen for gult og raudt nivå + oppmøteplanen for dei to første vekene i det nye året:

Lokal tiltaksplan, gult og raudt nivå

Oppmøteplan v.1, 2  og mandag og tirsdag  i v.3