Klasse i grunnleggande norsk for nyleg komne minoritetsspråklege søkarar

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr grunnleggande norskopplæring for nyleg komne minoritetsspråklege søkarar skoleåret 2023/2024. Tilbodet gjeld for dei som:

  • har kome til fylket etter 15. februar 2023
  • er mellom 16- 18 år
  • har lovleg opphald i Noreg
  • har dokumentert skolebakgrunn frå utlandet som svarar til 9-årig norsk grunnskole

Søknadsfrist: Fram til klassane er fulle 
Oppstart: 21. august

Rådgivarar ved vidaregåande skolar, ungdomsskolar og Flyktningtenesta kan søke inn ungdommane på eige skjema, som ligg lengre ned på sida.

For å få eit betre språkleg og kulturelt grunnlag til å gjennomføre vidaregåande opplæring har Møre og Romsdal fylkeskommune no eit tilbod om  grunnleggande norskopplæring.  

Tilbodet er for skoleåret 2023/2024 og har 30 veketimar

Det vil vere fokus på

  • grunnleggande norskopplæring
  • kunnskap om det norske samfunnet
  • lære/halde ved like engelsk
  • forberede dei til norsk vidaregåande opplæring
  • karriererettleiing
  • vere saman med jamaldrande

Det blir sett i gong tilbod på desse skolane

  • Kristiansund videregående skole
  • Romsdal videregående skole
  • Borgund vidaregåande skole
  • Ulstein vidaregåande skole 
  • Tingvoll videregående skole
  • Sunndal videregående skole

Viktig info

Dei som også har søkt ordinær vidaregåande opplæring, og som takkar JA til tilbod om plass i ordinær vidaregåande opplæring, vil miste plassen i klassen for grunnleggande norskopplæring.  

Kompetanse- og næringsavdelinga, seksjon Inntak vil etter svarfristen til 2. inntaket, 7. august, gå gjennom inntakslista til dei som har fått tilbod om grunnleggjande norskopplæring og ta ut dei som har takka ja til ordinær vidaregåande opplæring. Søkarar på venteliste vil då få tilbod om plass. 

  • Når søknaden er behandla, vil søkaren få vedtak om inntak eller avslag.
  • Dette året vil ikkje gi rett til grunnskolevitnemål. Det er fordi deltakaren allereie har gjennomført grunnskolen i utlandet.
  • Deltakaren brukar ikkje av retten til vidaregåande opplæring
  • Deltakaren kan få moglegheit til å ta enkeltfag på vgs- nivå. Dette er avhengig av kunnskapsnivå og kapasiteten på skolen
  • Deltakaren kan ikkje delta på nettundervisning frå heimlandet i skoletida
  • Deltakaren har ikkje elevstatus i vidaregåande opplæring og har difor ikkje rett til utdanningsstøtte frå lånekassa
  • Fylkeskommunen dekker skyss og tilbyr låne-PC. 

Slik søker ein om plass i tilbodet om grunnleggande norskopplæring

For å søke må søknadsskjema og vedleggskjema for minoritetsspråklege søkarar fyllast ut.

Her finn du ordensreglement for Møre og Romsdal fylkeskommune og fråværsreglement for dei vidaregåande skolane

Korleis sende inn søknaden

  • Alle skjema til søkaren må sendast inn digitalt, og skal sendast inn i ei fil
  • Namnet på fila skal vere: “Søknad om grunnleggande norskopplæring 2023/2024”
  • Søknaden må sendast inn via eDialog som du finn nedst på mrfylke.no
  • Organisasjonsnummeret til fylkeskommunen er 944 183 779.

Kontaktpersonar:

Kompetanse- og næringsavdelinga:
Kari Trøen Aune
Tlf.: 712 80 336
E-post: inntak@mrfylke.no

Edny Sletten Leikvoll
Tlf.: 712 80 568
E-post: inntak@mrfylke.no

Borgund vgs.:
Marte Brandsegg
Tlf.: 712 81 208

Kristiansund vgs.:
Lisbeth Sandvik
Tlf.: 712 84 068

Romsdal vgs.:
Arne Mittet
Tlf.: 712 83 380

Ulstein vgs.:
Gunhild Snipsøyr
Tlf.: 712 81 017

Tingvoll vgs
Ane Os
Tlf.: 415 75 254

Sunndal vgs:
Edel M. Hoem
Tlf.: 712 84 303

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.