Språkklassa

  • Er du mellom 16-24 år?
  • Har du lovleg opphald i landet?
  • Har du gjennomført grunnskuleopplæring og har rett til vidaregåande opplæring?
  • Har du behov for meir norskopplæring for å kunne fullføre vidaregåande skule?

Tilbodet går over eitt skuleår og du er på skule 30 t/v, fordelt slik:

Norsk10 timar Samfunnsfag3 timar
Engelsk5 timar Naturfag3 timar
Matematikk3 timar Kroppsøving2 timar

I tillegg tilbyr vi faget Utdanningsval 4 timar. Deltakarane i språkklassa skal i Utdanningsval bli kjende med det norske skulesystemet og legge grunnlaget for søkning til Vg1.

Språkklassa er ein del av prosjektet «Jobbsjansen del B». Dette året kjem i tillegg til retten til tre år i vidaregåande skule.

Under her finn du lenkjer til to skjema, det er viktig at du fyller ut begge to!

Lurer du på noko, ta kontakt med Gunhild Snipsøyr.

Dokumenter

Kontakt