Studiespesialisering med teknologi og innovasjon

Vi har tilbydd dette sidan 2019. I ei meir og meir teknologibasert verd, med koding langt ned i skulen, kan ikkje vi i vidaregåande opplæring vere på etterskot.

Ein elev ved dette programområdet vil få teknologien inn i alle fag.

Fokusområde for linja er robot og spelteknologi, velferdsteknologi og teknologi knytt til autonom transport.

Skulen ynskjer at programområdet skal motivere elevar til å innovere prosjekt, og vere med på utviklinga i regionen knytt til dei mange spennande moglegheitene som ligg i både privat og offentleg satsing på teknologi.

Elevar med tekniske og utforskande interesser, vil i denne linja kunne få spesielt rom for å utfolde seg. Dei får tilgang på maskiner og utstyr til å skape sine eigne innovasjonar, og produsere dei for utprøving og sal.

 

Snarvegar