Eksamensmal, Microsoft Word

Vi tilrår at malen vert nytta heilt frå starten av prøva. Dette gjer at du slepp å overføre arbeidet til mal-dokumentet når du skal levere inn prøva, og vil spare deg for ein del tid og oppryddingsarbeid.

Hugs å lagre dokumentet ditt ofte!

På eksamen med elektronisk innlevering:

Når du lagrer dokumentet, bruk kandidatnummeret ditt som filnamn.

Hugs å ikkje skrive namnet ditt nokon stad i dokumentet eller i filnamnet, bruk kun kandidatnummeret.

Du må levere dokumentet som .PDF

Fjern forfattarinformasjon frå dokumentet du skal levere og lagre det som PDF:

Word for Windows:

Gå til Fil > Lagre som og vel kvar du vil lagre dokumentet. I dialogboksa som kjem opp, finn du "Forfattere/Authors" under filnamnet. Klikk på namnet ditt, og skriv inn "xxx" eller noko anna. Bruk ditt kanditatnummer som filnamn og endre filformat til PDF:

 

Skjermbilde av lagringsinnstillinger i word

 

lagre som boks i Microsoft med piler som viser til filnamn, filtype og forfattere

Word for Mac:

Vel Fil > Egenskaper

Vel fana "Sammendrag".
Trykk på feltet "Forfatter", og skriv inn "xxx"
Trykk OK for å aktivere endringa.

Alternativ metode for Word for Mac:
 Klikk Innstillinger på Word-menyen.
 Klikk Sikkerhet under Personlige innstillinger.
 Under Personvernalternativer, vel "Fjern personlige opplysninger i denne filen ved lagring".
 Lagre dokumentet.

 

Når du skal lagre dokumentet for å sende det inn gjer du slik:

Vel lagre som, skriv ditt kandidatnummer som filnamn og  endre filformat til PDF.

Lagresommenyen på Mac, utheva PDF

Mal - eksamen (ny versjon) bokmål Word (DOTX, 34 kB)

Mal - eksamen (ny versjon) nynorsk Word (DOTX, 33 kB)