Område 3
Prioriterte område og resultatmål: Vurderingsforskrifta gjennom problemstillinga: «Jobbar vi i tråd med gjeldande vurderingsforskrift?»
Tiltak: Arbeid med vurderingsforskrifta og dei læringsfremjande prinsippa.
Arbeid med vurderingsforskrifta i faggrupper, diskusjon av omgrep, praksis og utprøving av nye/endra vurderingsformer. Eit viktig spørsmål er om vi jobbar i tråd med den nye forskrifta eller om vi gjer det slik vi alltid har gjort det, utan å sjå dette i lys av dei føringane som er gitt skulen gjennom forskrifta.
Dei fire læringsfremjande prinsippa skal vere retningsgivande i det daglege lærings- og vurderingsarbeidet og gjennom undervegsvurderinga i fag skal elevar
- delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære og kva som vert venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin
Elevane skal gjennom arbeidet med elevdemokrati og elevmedverknad lyttast til og dei skal ha reell innverknad i skulekvardagen. Elevane skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid.
Tiltak: I Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2023-2027 er det sett opp resultatkrav i Elevundersøkinga for enkelte indikatorar. Skulen ligg over kravet på nokre og under på andre. Målet må vere å jobbe slik at vi nærmar oss måla gjennom komande skuleår.