Handlingsplanen

Område 4

Prioriterte område og resultatmål: Arbeide vidare med å heve digital kompetanse i profesjonsfellesskapet og i elevgruppa 

Tiltak: Ulstein vidaregåande skule har siste åra vore ein av dei fremste skulane i fylket innan arbeidet med digital kompetanse. Det er ein posisjon vi skal vere i også komande skuleår. Det skal arbeidast for å auke digitale kompetanse og dømmekraft på ein systematisk og målretta måte for å møte endringane i samfunn og arbeidsliv.

Skulen har siste åra brukt Teams og OneNote i læringsarbeidet og i det administrative arbeidet. Det har vore, og er, strekk i laget og for personalet vert det sett ei meir felles retning når det gjeld bruken av Teams og OneNote. Tavlenotat skal lagrast i OneNote, enten ved bruk av digital tavle/PC eller foto. 

Elevane skal gjennom ei standardisert grunnleggande opplæring innan IKT ved skulestart. Den grunnleggande opplæringa må skje i alle fag gjennom heile skuleåret for å halde ved like kompetansen

IOP-skya skal nyttast som verktøy for kontaktlærar og lærarar som har eleven, i samband med klasseteammøte og ved tilretteleggingstiltak for elevar.