ElevrådetElevrådet skal ta seg av oppgåver i samband med elevane sine arbeidstilhøve og hjelpe til med å skape gode forhold og trivsel i skulen.Elevrådet er elevane sitt høgaste organ på skulen. Tillitselev og varaelev blir valt for eit år av gongen, og har som oppgave å representere klassa si ved elevrådsmøta. Elevrådet drøftar og gir tilråding i saker som elevar og rektor gir dei. Elevrådet kan sjølv ta opp og legge fram for rektor saker som dei meiner er av interesse for elevane.I elevrådet blir det òg valt eit styre. Dette styret står i spissen for elevrådet og har ansvar for å halde møte og informere elevar og leiinga om sakene deira. Dei pliktar seg òg til å stille opp på møte med leiinga nokre gongar i året. Å sitje i elevrådsstyret er litt meir arbeid, men det gir ei veldig god erfaring.Kontakte elevrådetHar du saker til elevrådet? Send e-post til elevrådet ved Ulstein VGS