Handlingsplanen

Område 6

Samarbeid med arbeids- og næringsliv

Vi vil utvide samarbeidet for meir relevant og praksisretta opplæring.

Tiltak: 
1. Bruke nærområdet som undervisningsarena for alle klasser på alle trinn der det er mogeleg, fagleg og økonomisk. 
2. Ulstein vidaregåande skule vart skuleåret 24-25 akkreditert innan Erasmus+ både innan yrkesfagutdanninga og dei treårige studieførebuande løpa. Før det, reiste skulen på fylkeskommunen si akkreditering på førebuande besøk til Kroatia, Spania og Nederland. Dette for å førebu internasjonalt samarbeid innan idrett, spansk og engelsk. Ei gruppe frå programfaget Engelsk 2 var i Amsterdam våren 24. 

Sidan skuleåret 19-20 har skulen, i samarbeid med andre skular i fylket, hatt praksis for Vg2-elevar på Sal, service, reiseliv på Gran Canaria. Målet er å halde fram med dette i åra framover i tillegg til å utvikle internasjonale samarbeid for elevar på Informasjonsteknologi og medieproduksjon og Elektrofag . 

Hausten 2024 reiste 2 Vg3-klasser på idrett til Kroatia. Då reiste også elevar med spansk til Elche og vi fekk gjenbesøk i april 25. Hausten 25 vil elevar som har Tysk II som framandspråk få besøk av elevar frå ein skule i Stralsund (heilt nord i Tyskland). Elevar med programfaget Engelsk 2 var til Amsterdam. 

Vi jobbar for å få varige samarbeidsskular i utlandet for både Tysk II og Spansk II, programfag Engelsk 2 og for idrettsfag Vg3.