Kven kan få gratis skoleskyss?
- Du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole.
- Du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden.
- Det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.
Sjekk avstand frå heim til skule
Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste veg frå eleven si bustadadresse til eleven sin skole. For elevar som bur på hybel vert avstanden rekna til denne adressa. Elevar som har hybel har ikkje rett til fri skyss til folkeregistrert adresse.
Slik søker du
Dersom du som elev har rett til gratis skoleskyss på grunn av avstanden mellom heim og skole, må du sjølv søke om dette via skoleskyssportalen. Føresette kan ikkje søke på vegner av sine barn. Du skal nytte MinID ved innlogging. Etter at søknad er sendt, kan du logge deg inn og sjå status på søknaden, sende ny søknad ved flytting eller ved bytte til anna skole.
Søk om gratis skoleskyss i skoleskyssportalen
Eventuelle vedlegg til søknaden
Legeerklæring (PDF, 513 kB)
Stadfesting om delt bustad (PDF, 206 kB)
Feil med kortet eller har du mista det?
Meld inn via vårt web-skjema.
Andre spørsmål om skoleskyss
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss, har rett til dette uavhengig av avstand. Fylkeskommunen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen.
Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.
Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.
Søknad om tilrettelagt skyss må du sende via skolen.
Elevar som har delt bustad vil vere folkeregistret på ei adresse, sjølv om dei delar tida mellom to heimar. Formålet med skyssreglane og hensynet til barna det gjeld, tilseier at det avgjerande må vere at barnet faktisk bor to stader. For å ha rett til gratis skoleskyss, må elevens opphold hos kvar av foreldra vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, og ikkje improviserte enkeltbesøk. (Sitat frå Udir-2-2019)
Du må levere skjemaet «Stadfesting av delt bustad» når du søker om skoleskyss. Legg skjema ved som pdf i din søknad i skoleskyssportalen. Om dette vert vanskeleg, kan skolen hjelpe deg og opprette søknad til to adresser og legge ved stadfestinga.
Elevar som er innvilga skoleskyss for første gang, vil få utlevert skoleskysskortet på skolen. Om eleven alt har skoleskysskort, vert dette oppdatert automatisk. Ta godt vare på skoleskysskortet, dette blir nytta alle åra eleven har rett til gratis skoleskyss, både i grunnskole og i vidaregåande skole. Ved feil på kortet, eller ved tap av kortet, meld det inn via vårt web-skjema.
- Skysskortet gir rett til skyss til og frå skolen ved skolen si ordinære start- og sluttid.
- Kortet er eit elektronisk reisekort som skal registrerast ved kvar påstiging.
- Kortet fungerer som ein billett med to reiser kvar dag, inkludert overgang. Ei reise til og ei frå skolen.
- Du kan ikkje bruke kortet i samband med ekskursjonar, utplassering eller andre aktivitetar i skoletida.
- Gjeld berre på dagar med undervisning på skolen.
- Kortet inneheld opplysningar om strekning og reisetid som berre gjeld deg personleg.
- Det er ikkje lov å låne ut kortet til andre.
Gløymd kortet?
Du får vere med om morgonen, sjølv om du har gløymd skoleskysskortet. Du må sjølv ta kontakt med skolen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må du betale for heimreisa sjølv.
Misbruk av kortet eller sniking på bussen / båten kan medføre gebyr. Kontrollar blir gjennomført.
Av og til må kortet bli oppdatert. Dette skal gjerast i desse tilfella:
- Elevar med godkjent søknad om fri skoleskyss må oppdatere skoleskysskortet årleg ved skolestart.
- Ved endringar i adresse, skolestad eller ny reisemåte (hurtigbåt).
- Når du får nytt skoleskysskort.
Slik oppdaterar du kortet
Oppdateringa gjer du ved å legge kortet på kortlesaren på buss/hurtigbåt heilt til billettmaskina lyser grønt eller raudt. Det er viktig å ikkje avbryte denne oppdateringa. Vær tolmodig, det kan ta lenger tid enn venta.
Kontakt
Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen din eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no.
Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.