Basismesterskap i Ulsteinhallen
Siste torsdag før vinterferien vart det arrangert fylkesmeisterskap i basisdugleikar i Ulsteinhallen. Hege Holstad, faglærar i"Leiing og instruksjon",har skrive litt om det. Les berre her:
Det var klasse 2id2 som arrangerte stemnet og som utarbeidde hinderløypa 10-klassingane konkurrerte i. Møre og Romsdal idrettskrets gav dei oppdraget med å arrangere eit slikt meisterskap og dei jobba med arrangementet i faget "Leiing og instruksjon?. 2id2 sendte invitasjon til alle ungdomsskulane i fylket. Det var påmeldt 30 gutar og 16 jenter.
Hinderløypa testa både kondisjon, koordinasjon, styrke, spenst og konsentrasjon.. Den sprekaste 10-klassingen i fylket vart Erlend Hasund Thorseth frå Ulsteinvik og blant jentene var det Kristine Reite frå Ørskog som forserte hinderløypa på kortast mogleg tid.
Det vert også til hausten arrangert ei landsfinale i basisdugleikar for ungdomar født i -90 og -91.