D'helde UB
Det er altså namnet på den andre ungdomsbedrifta ved UVS. Du vert kanskje overraska når eg fortel deg at dei sel tjukkelestar? Sidan dei heiter D'helde UB altså?
Vi har snakka med Birgitte som kan fortelje følgjande:
«Lesten består av 3 lag: Det inste er av mjuk og god merinoull. Det andre laget er den vasstette membranen og det ytste laget er eit elastisk nylon. Lesten er både for dei som likar å vere ute i naturen og dei som driv med idrett. Lesten held vatn ute og held på varmen. Du blir ikkje sveitt på beina fordi det inste laget består av merinoull og den pustar. Det er litt same teknologien som ein goretex sko, altså at lesten pustar, men vatnet kjem ikkje inn.
Det er absolutt verdt å kjøpe den, fordi den varer veldig lenge. Det er ein slitesterk lest som varer i mange år. Du kan vaske den på 40 Cº på ullprogram i Milo. Å bruke tørketrommel er ikkje så veldig lurt...
D'helde UB går bra og vi samarbeider godt i lag. Vi har fått og får lære veldig mykje om det å starte ei bedrift uten å ha noko særleg kapital. Det er veldig kjekt og lærerikt. Dersom vi går i overskot, får vi dei pengane sjølve. Vi kan velje å fortsetje med bedrifta etter fylkesmessa eller avslutte den. Dersom vi vel å fortsetje bedrifta, må vi holde på med den i fritida.»