Fem etatar i samspel

Skulen har lenge hatt fokus på rus, bruk og misbruk i skuleløpet. Vi har ein rusplan som er felles for heile fylket, vg2-klassene våre har hatt rus på dagsplanen, men ikkje dei to andre trinna. Men så fekk vi invitasjon frå Ulstein kommune!
Dei inviterte like godt heile ungdomsskulen og vidaregåande til foredrag på Sjøborg! Det kunne vi ikkje takke nei til.

(Vi var sjølvsagt delt inn i tre puljer.)

 

Skriv ut

Før både politi, helsejukepleiar og kommunepsykolog  kunne ta scena i går, ønskte Vedrana frå UngArena velkomen til foredraget.

Noko av det politibetjent Henrik Vikebakk Sandstad snakka om var at det ikkje er sant at "alle drikk" eller at "alle tek seg ein joint"! Det er resultata frå Ungdata 2022 som konkluderer med dette, og det er trass alt ungdommen sjølv som har svara anonymt på den undersøkinga. Når du veit det, vil det forhåpentlegvis vere lettare å takke nei dersom du får tilbod om ein sup eller eit drag eller ein pille. Bestem deg på førehand, gjer avtale med ein ven, det er alltid enklare når ein er to.

I ytterste konsekvens kan rusmisbruk påvirke framtida til ungdommane, både i forhold til utdanning, jobb, sertifikat, helse, relasjonar, muligheit til å reise dit dei vil og uønska hendingar.
Så oppfordringa frå politiet var: Ta bevisste val, bry dokke om folk (sidan utanforskap kan føre til rusmisbruk), ikkje tru at alle andre drikk eller røyker eller tek ein pille, og hugs at det er lov å seie nei.

Kommunepsykolog Tomas Myklebust Brandal kom inn på noko av det same, i tillegg til å forklare reint fysiologisk korleis alkohol og andre stoff verkar på kroppen vår.

"Tenker dokke over kva val dokke tek og kva konsekvensar dei får?" Han oppfordra ungdommen til å ta eigne val, til å vere bevisste på vala, for dei vala definerer livet vårt. Gir dei deg tryggheit eller ikkje? Kven og korleis vil dokke vere?

Når det gjeld alkohol, brukar kroppen lang tid til å kome seg til igjen etter ein fest. For kva er det som gjer at du føler deg annleis etter inntak av alkohol? Jau, alkohol gjer at frontallappen du har fremst i hjerna blir mindre "effektiv" og ikkje avgrensar impulsane våre på samme måten som når du er edru. Det er frontallappen som gjer at vi greier hegne oss, at vi ikkje gir etter for kvar ein minste impuls. Det er ikkje sant at du blir meir deg sjølv når du har drukke, du blir mindre deg sjølv. I tillegg trur vi at vi blir flinkare til ting, men det er sjølvinnsikta vår som minkar.

Cannabis er farlig på ein annan måte enn alkohol, sidan vi blir apatiske, vi bryr oss ikkje, uro som det er normalt å kjenne på i løpet av ein dag i forhold til prøve og vener forsvinn. Slutteffekten er at vi blir likegyldige til eige liv, vi sluttar å dusje, vi sluttar å gå på skule, vi sluttar å bry oss om folka rundt oss. Denne effekten kjem sigande.

Så korleis ta gode val? Igjen: Snakk med nokon andre, øv på det på førehand! Reduserer risikoen for å ta feil val!

Deretter var det helsesjukepleiar Daniel Eide Moltumyr sin tur. Før jobba han som ambulansesjåfør og hadde mykje kontakt med ungdommar i forskjellige situasjonar. Han såg at det luraste du som ungdom kan gjere dersom du har ein kompis eller venninne som du er bekymra for, som har drukke for mykje, ring og få hjelp!
Viss du ikkje vil/kan snakke med foreldra dine om rus: snakk med læraren din, helsesjukepleiar, nokon på helsestasjon for ungdom, ein annan vaksen, nokon i forebyggande eining i politiet, ungd.arbeidarane i kommunen... Kanskje føler du deg utrygg heime, fordi dei vaksne blir annleis når dei drikk? Snakk med nokon om det! Dei vaksne har alltid ansvar for at barn og unge skal kjenne seg trygge.

Men det viktigaste er å høyre til! Daniel oppfordra til å lage plass med den aktuelle hashtagen #lagplass - vi treng å høyre til - på skule, i friminutta, på fritida. 

Daniel snakka også om snitching, det betyr eigentleg at ein bryr seg om andre, viser omsorg. I ungdomsverda er det ikkje særlig positivt å snitche, dei som gjer det blir ofte utsett for truslar. Både den som kjem med truslar og den som blir utsett for truslar blir tatt på alvor.

Vi håper det vart litt lettare for nokre av ungdommane å takke nei eller ta eit bevisst val etter dette foredraget! Det er viktig informasjon og viktige innspel som kjem fram.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.