Flott samarbeid skule - næringsliv
Mange av oss er fødde med ski på beina, seiest det. Denne vinteren kan vi gå kveldane lyst i møte på Leikongeidet. Kvifor?
Fordi at i løpet av nokre veker denne hausten har ein del av elevane i vg2-klassa i elektro ved Ulstein vidaregåande skule (UVS) strekt kabel og hengt opp lysarmatur langs den nye løypa på Leikongeidet.
Det var Gurskøy IL som tok kontakt med skulen. Dei såg at lysløypa kunne gi elektroelevar god, praktisk opplæring.
Tussa Nett stilte energimontørar til disposisjon for å gi praktisk opplæring på anlegget og i lokala i Dragsund. Bedrifta tok ansvar for opplæring i tryggleik, arbeidsmetodar, kabelarbeid og montering av lys i stolpar.
Det er blant anna slike gode prosjekt som gjer at UVS gjerne vil ha meir samarbeid med bedrifter i lokalmiljøet i åra framover. Samarbeidet mellom dei tre partane har vore strålandes.
Tussa ser moglegheitene i Kunnskapsløftet og tek imot elevar på prosjekt som gjev fordjuping og god reel opplæring i elektrofaget. Når elevane får sjå samanhengen mellom teori og praksis, blir dei enno meir motiverte. Det er sjølvsagt er noko heilt anna å gjere det som står i boka enn å berre lese det. Å feste eit endefeste til kabelen er ein del enklare når du har det framfor deg på pulten enn når du står 9 meter over bakken og kabelen i tillegg er i spenn.
Dei framtidige elektrikarane eller elektroingeniørane (eller kanskje elektrolærarane?) har hatt ei flott læringskurve.
Det vert ei høgtidleg opning av lysløypa no førstkomande torsdag til barnetv-tid.