Glitrande eksamensskriving
Ein av fjorårselevane ved skulen vår, Henry Almedal, skreiv om Ivar Aasen til eksamen. Det gjorde han så godt at...
... han var ein av tre som fekk eit stipend på 5000 kroner av Fritjof Oos legat. Utdelinga av prisen skjedde under årsmøtet i Det Norske Samlaget.
Grunngjevinga frå juryen var som følgjer:
Henry Røyset Almedal frå Ulstein vidaregåande skole har skrive om sjølvaste Ivar Aasen. Det var det fleire som hadde gjort, og alle visste mykje om Ivar Aasen, men i denne oppgåva tenkjer forfattaren vidare med grunnlag i den kunnskapen han har. Henry får godt fram kva det var ved Aasens personlegdom, talent og arbeidsmåte som gjorde han til ein så stor språkforskar og språkplanleggjar, og ein av dei største samfunnsreformatorane vi har hatt. Han kombinerer litteratur- og språkhistorisk kunnskap med allmenne historiske perspektiv til ei treffsikker plassering av Ivar Aasens livsverk i norsk politisk og kulturell historie. Det kler også ei oppgåve om Ivar Aasen at forfattaren er uvanleg språkleg sikker og velformulert."
Gratulerer!