Handballgulljenter og -sølvgutar på UVS
Jentelaget frå UVS tok 1.plass i fylkesmesterskapet i handball for vidaregåande skular, medan gutelaget tok ein 2.plass.
Det var lag frå Ulstein, Ørsta, Ålesund, Atlanten og Volda vidaregåande som konkurrerte.
Jentene tok altså gull, medan gutane frå UVS tok med seg sølvet heim, ein strålande prestasjon sidan dei hadde ein del skader.
Rita-Kristin har skrive litt om kampane til jentelaget:
Første kampen var mot Volda, og dei hadde vi veldig lyst til å slå. Etter halvspelt kamp låg vi under 5-1, så vi tenkte at no kom det aldri til å gå bra. Men så begynte vi opphentinga, og då det var 5 sekund igjen låg vi under 8-7, og så scora vi akkurat då fløyta gjekk. Kampen enda altså uavgjort 8-8.
Den andre kampen var mot Ørsta, der vi spelte veldig dårlig, men vann enkelt 12-7.
Den tredje var mot Atlanten frå Kristiansund. Det var litt tøffare motstand, men vi spelte ein god kamp, og slo dei med 6 mål.
Den siste kampen var mot Ålesund, som hadde det antatt beste laget, og hadde vunne alle kampane før oss. Dei hadde 6 poeng og vi 5, så vi måtte slå dei for å vinne. Vi begynte veldig bra og leia 4-1. Men så tok dei oss igjen og dei leia på 7-6. Vi tok ei lita innhenting på slutten, og det gjekk vår veg, og dermed vann vi 9-8.
Før turneringa hadde ikkje vi trudd at vi skulle vinne, for vi hadde berre hatt ei trening, og då var ikkje alle spelarane med heller. Så målet vårt for turneringa var ikkje så stort, vi ville gjere vårt beste, så kanskje var det det som gjorde at vi vann!
Publisert: 25.04.12