Har du lyst til å lese om Malaika og skulen?

Både Ulstein, Herøy, Haram, Borgund og Spjelkavik vidaregåande skular har eit par elevar og ein lærar i Nairobi no.

Skriv ut

Kva dei gjer dei der? Dei ser korleis pengane vi samla inn i fjor vert brukt og får sjå kva pengane som vert samla inn i haust skal brukast til.

Har du lyst til å lese kva dei gjer på medan dei er der, kan du gjerne følgje med på NSP-AID si heimeside (der legg dei ut reisebrev kvar dag).

Viss du berre har lyst til å sjå bilde frå dagane, følg med på Facebook-sida vår eller på Instagram!