Korleis gjekk det med Samuel som gjekk Service og samferdsel her?

Samuel visste lenge før han måtte velje kva veg han ville ta på vidaregåande skule: Det måtte bli Service og samferdsel!

No har linja endra namn til Sal, service og reiseliv (eit namn som speglar meir det linja tilbyr elevane). Hadde linja heitt det då Samuel skulle velje, hadde han vore enno meir sikker!

Skriv ut
Du hadde planen klar?
  • Eg starta med å gå vg1 på UVS, service og samferdsel. Skulle eg få fortsetje med planen min, måtte eg skifte skule på Vg2, sidan UVS ikkje tilbaud Reiseliv då. Så då gjekk eg reiseliv på Ålesund vidaregåande skule. Etter dei to yrkesfagåra, kunne eg ha gått ut som lærling, men eg valde å heller ta eit år på Ringebu Folkehøgskule. Der gjekk eg linja som heiter Reiseliv storby. Det var veldig kjekt og eg vart kjent med mange nye folk. Eg hadde lyst til å studere vidare, så eg fortsette med å gå Vg3 Påbygg på UVS. Eg har fått jobba i hotellbransjen, både i Geiranger og no i Ulsteinvik.
Kva var favorittfaget ditt på vidaregåande?
  • Det må ha vore det som då heitte transport og tryggleik. Kan iallfall seie at eg anbefaler Service og Samferdsel. Eg hugsar tilbake til dette som eit veldig kjekt skuleår.
Kva gjer du no, Samuel?
  • No er eg på andre året deltid med Luftfartsledelse ved Nord-Universitet i Bodø. I tillegg jobbar eg deltid hos Quality Hotel Ulstein, samtidig med utdanninga i Bodø. Men eg er framleis ikkje i mål med dei måla eg hadde då eg starta på Service og Samferdsel i 2016 - å jobbe i lufta! Ting tek tid!
Kva går Luftfartsledelse ut på?
  • Eg starta på Luftfartsledelse i Bodø fordi eg var veldig interessert i å jobbe i flybransjen og med service! Allereie i 2013 bestemte eg meg for at eg ville ha en jobb i denne bransjen! Eg har vore på intervju i flyselskap fleire gongar som crew og jobbar på bakken, men dette er en ganske hard bransje å komme inn i, sidan dette er veldig populært! Eg var også nettopp på intervju med Norwegian for å arbeide i lufta, eg var 1 av 50 stk som kom på intervju og der var 1800 søkarar! Så eg var veldig nær å få draumejobben min! Men eg er fast bestemt på å ikkje gi opp!
Har du eit godt råd til 10.klassingen som skal velje utdanning?
  • Det er viktig at dei vel noko dei likar og ei linje som dei synest verkar interessant - ikkje noko meir eller mindre enn det. Men likar dei å gjere litt praktisk og ikkje berre sitte i klasserom og ha teori, så kan eg verkeleg anbefale Sal, service og reiseliv! Vi hadde arbeidspraksis ute i bedrift, noko som er veldig lærerikt. Då eg gjekk Reiseliv i Ålesund, hadde vi 3 veker med arbeidspraksis på Gran-Canaria (noko som gjeld UVS også no, med god hjelp frå Erasmus-programmet)!

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.